Filterbriller stopper alle stråler under ein oppgitt bølgjelengd, ulikt vanlege solbriller som gir generell lysdemping.

Vi viser til folketrygdlova § 10-7 vedlegg 7, som gjeld filter: 
«Ved følgende tilstander kan det gis stønad til filterbriller/filterkontaktlinser: 

  • Ved unormal sterk grad av lysømfintlighet. 
  • Ved sterkt nedsatt kontrastsyn. Dette må dokumenteres/sannsynliggjøres av sakkyndig person.
  • Med filterbriller/filterkontaktlinser forstås løsninger med kantfiltre som i hovedsak blokkerer lys med bølgelengde under 450 nanometer (nm), dvs. filtre som i hovedsak slipper gjennom lys frå 450 nm og over, og nøytrale gråfiltre som blokkerer over 40 % av det synlige lyset. Nevnte filterglass kan ha tilleggsegenskaper som polarisasjon og fotokromatisk (fargeskiftende) effekt.
    Vanlige fargeskiftende brilleglass regnes ikke som filterbrilleglass.»  

Kva vil det seie å ha unormalt sterk grad av ømfintlegheit for lys? 

Ein person som har unormalt sterk grad av ømfintlegheit for lys, er ekstremt kjensleg for lys. Personen opplever sterkt ubehag og får nedsatt syn ved eksponering for lys.

Kva vil det seie å ha sterkt nedsett kontrastsyn?

Å ha nedsett kontrastsyn betyr å sjå dårlegare enn normalt når kontrastane i omgivnadene er svake. Ein person som har dårleg kontrastsyn, kan ha vanskar med å skilje ting frå kvarandre. 
Det finst eigne testar for måling av kontrastsyn. Både optikar og synspedagog kan gjere testing.  

Kva er filterbriller?

Ei filterbrille har glass som blokkerar/tar bort ulik mengd blått lys. Lys består av ulike bølgjelengder som vert målt i nanometer (nm). Folketrygdlova seier at eit brilleglas må i hovudsak blokkere lys med bølgjelengd under 450 nm, for å vere godkjend som hjelpemiddel.

I tilfelle der kantfilter ikkje gir tilstrekkeleg effekt, kan nøytrale gråfilter vurderast.

Hjelpemiddel eller handelsvare? 

Det gis som hovudregel ikkje stønad til ordinært utstyr eller handelsvare. Eit produkt vert rekna som ordinært når det er vanleg å skaffe blant befolkninga, og meint for allmenn bruk.

Fargeskiftande glas eller solbriller med styrke er eksemplar på produkt som  er rekna som vanleg handelsvare. Dette blir ikkje gitt som hjelpemiddel.

Det er til kvar tid gjeldande regelverk som avgjer når folketrygda kan gi stønad til filterbriller. Dermed vil det kunne endre seg over tid, kva som vert rekna som hjelpemiddel etter loven.  

Kan behovet dekkast på annan måte?

Ein person som vil søke om filterbriller, må først prøve og vurdere produkt som er i vanleg handel.

Det kan vere solbriller med ulik grad av mørkheit, polariserte solbriller eller solbriller med styrke, fargeskiftande glas eller suncover som skal sitte utanpå eigne briller. Man må også vurdere/prøve om caps eller skugge i tillegg gir tilstrekkeleg hjelp.

Fagperson (optikar, augelege eller synspedagog) må dokumentere kva for produkt av vanleg handelsvare som er prøvd ut, før det blir send søknad om filterbriller.   

Nødvendig og hensiktsmessig løysing 

Folketrygdlova §10-6 seier: «Når et medlem har fått sin funksjonsevne i dagliglivet vesentlig og varig nedsatt på grunn av sykdom, skade eller lyte, ytes det stønad etter § 10-7.

Stønaden ytes i forbindelse med tiltak som er nødvendige og hensiktsmessige for å bedre medlemmets funksjonsevne i dagliglivet …..»

Omgrepet «nødvendig» inneber at det skal vurderast om hjelpemiddelet er medisinsk nødvendig, og om behovet kan løysast på rimelegare måte. Alternativet kan vere eit anna og rimelegare tiltak, men det kan òg vere tiltak utanom folketrygda. Stønaden dekker ikkje optimal løysing og er avgrensa til det som er tilstrekkeleg for å betre funksjonsevna.

Med «hensiktsmessig» er meint at løysinga skal fungere slik at personen kan gjere seg nytte av den, og at den avhjelper vansken som han eller ho har søkt om hjelp for.   

Hjelpemiddel, ikkje behandling 

Folketrygdlova definerer eit hjelpemiddel som eit produkt som er egna til å avhjelpe, erstatte eller kompensere direkte for ein svikt i funksjon.

Ein personen må ha ein medisinsk diagnose som gir varig nedsett funksjon, for å kunne søke om filterbriller gjennom folketrygda. Diagnosen må vere stadfesta av spesialist. I tillegg må fagperson (augelege, optikar eller synspedagog) dokumentere at diagnosen har gitt unormalt sterk grad av ømfintlegheit for lys, eller sterkt nedsett kontrastsyn. Fagperson må gjere ein individuell vurdering og beskrive personen sin funksjon opp mot behovet for filterbiller. 

Folketrygdlova dekker ikkje filterbriller som hjelpemiddel når formålet er å førebygge, lindre eller behandle ein sjukdom eller ei liding. 

Er søkaren svaksynt?

Når ein person er svaksynt eller har nedsett syn, anbefaler vi å ta kontakt med Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT).  

Søknad til NAV 

Når ein person fyller vilkåra for filterbriller frå folketrygda, og behovet ikkje lar seg dekke med vanleg handelsvare, kan det sendast søknad til NAV.  

Søknadsskjema ligg på nav.no.

Søknadsskjemaet må signerast av personen som skal nytte hjelpemiddlet eller av godkjend verje, føresett eller den personen har gitt skriftleg fullmakt.  

Når du fyller ut søknaden 

I søknaden må det gå klart fram kva type brille søknaden gjeld (avstandsbrille, lesebrille etc) samt filtertype og styrke på brilleglas.

Viss det blir søkt på meir enn eitt par briller, må fagperson i saken dokumentere at dette er nødvendig. Opplys om når og i kva for situasjonar dei ulike brillene skal nyttast.

Viss det trengst progressive briller, må søkaren gi særskild grunn for dette. Progressive briller kan bli gitt dersom det er eit reelt alternativ til fleire par briller. Behov for filter både til avstand og nært, må dermed spesifiserast.

Progressive briller og nærbriller til bruk ute, vert normalt ikkje gitt. Viss dette skal bli vurdert, må det ligge føre særskilde grunner, til dømes at det er nødvendig for at personen skal kunne fungere i arbeid.

Ømfintlegheit for lys er vanskeleg å måle. Derfor er det viktig at ein søknad inneheld god beskriving av følgjene av unormalt sterk grad av ømfintlegheit for lys, og korleis dette påverkar funksjonsevna.

Ved søknad på grunn av sterkt nedsett kontrastsyn, må det ligge føre kontrastmåling som er gjort av fagperson. Det må komme fram kva test som er nytta. Det må også dokumenterast at filteret gir vesentleg betring. Det er ikkje tilstrekkeleg at filteret gir betre synskomfort.

Filterbriller som skal fungere som terminalbrille på ein arbeidsplass, skal dekkast av arbeidsgjevar. 

Vedlegg til søknaden 

I søknaden må det leggast ved:

  • Epikrise frå augelege, som dokumentasjon på diagnose. 
  • Dokumentasjon frå optikar eller synspedagog, der det er nødvendig (sjå over).
  • Pristilbod der innfatning og glas er spesifisert.