Den viktigaste årsaka til endringa, er nytt regelverket for briller som hjelpemiddel. Vilkåra i folketrygdlova må alltid vere oppfylte når vi gir eit hjelpemiddel. Det er gjort endringar i regelverket for stønad til briller, og dermed vil vilkåra for stønad kanskje ikkje vere oppfylte i eldre saker.

Søknad

Det må sendast søknad med grunngjeving når nokon treng briller som hjelpemiddel.

Søknadsskjema ligg på nav.no.

Dette er viktig å hugse når du søker:

  • Brukaren må sjølv signere på søknadsskjemaet, eventuelt den som brukaren har gitt fullmakt.
  • Epikrise frå augelege skal ligge ved søknaden, som dokumentasjon på diagnose.
  • I søknaden må det gå klart frem kva for type briller søknaden gjeld (avstand, lesing, ol.), og styrke på brillene.
  • Søknad om filterbriller må innehalde utfyllande informasjon, sjå egien side for filterbriller som hjelpemiddel.
  • Det er ein fordel om pristilbod ligg ved søknaden. Innfatning og glas må vere spesifisert i tilbodet.