Formstøypte støydempande øyreproppar
Informasjon om saksgang ved søknad på formstøypte, støydempande øyreproppar. Rutinen gjeld for NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen og kommunane vi samarbeider med.
Kva vil det seie å vere lydømfintleg?
Lydømfintlegheit er kjenneteikna av at sjølv dei lågaste lyder kan opplevast som forstyrrande bråk eller støy, og kan gjere det vanskeleg å ta del i familieliv, samvær med vener og samfunnet elles. Problemet merkst i samtaler mellom fleire personar, i det offentlege rom og i ein-til-ein-samtalar, men også i andre samanhengar med lyd, til dømes ved monoton bakgrunnsstøy.
Kva er formstøypte støydempande øyreproppar?
Formstøypte øyreproppar blir laga ved at masse sprøytast inn i øyret til brukaren. Når massen stivnar blir han til ein propp som passar eksakt til brukaren. Øyreproppen kan enten vere nesten tett, berre med filter for jamn frekvensdemping, eller han kan ha filter med ulik grad av støydemping. Øyreproppane vil ikkje kunne stenge all lyd ute, fordi lyd også er boren gjennom skjelett og hovudskalle, og fordi kroppen sine eigne funksjonar lagar lyd. Ein kan heller ikkje garantere at til dømes to brukarar med tilsynelatande likt behov, opplever å ha same hjelp av øyreproppane.
Risiko ved overdriven bruk av støydemping
Før søknaden blir sendt er det viktig at brukaren får informasjon om risiko som kan oppstå ved overdriven bruk av støydemping. Overdriven bruk kan vere til dømes å fjerne ljodsvake bakgrunnslydar. Då oppstår risiko for tinnitus og ytterlegare nedsett lydtoleranse.
Brukaren skal ha informasjon om dette før søknaden blir sendt inn. Informasjon skal bli gitt av ein person med spesiell kunnskap om lidinga og bruk av støydempande øyreproppar.
Ansvar for utgreiing og oppfølging av hjelpemidlet
Ansvar for utgreiing og oppfølging av hjelpemidlet skal bli gitt til kommuneergoterapeut eller anna helsepersonell, som har kompetanse på hjelpemiddelformidling og spesiell kunnskap om støydemping.
Kan behovet dekkast på annan måte?
Før ein søker skal ein vurdere om behovet kan dekkast av støydempande hjelpemiddel som brukaren enkelt kan kjøpe sjølv. Dette kan vere alminnelege øyreproppar («sov-i-ro») eller øyreproppar med filter, som kan kjøpast på apotek eller i musikkforretning. Viss slike øyreproppar dekker behovet tilfredsstillande, er det ikkje grunnlag for å få innvilga formstøypte øyreproppar.
Grunngjevinga for søknaden må innehalde beskriving av andre løysningar som er testa ut, og kva effekt dei hadde.
Søknad til NAV
Søknad skjer på same måte som ved søknad om andre tekniske hjelpemiddel. Det skal hentast inn pristilbod frå ein leverandør, og brukaren må vere informert av fagperson på området om prosedyren ved å få støypt øyreproppar. Det er avgjerande at ein beskriv kva for vanskar/hindringar lydømfintlegheita skapar, og kva brukaren skal kunne meistre betre ved bruk av øyreproppar.
Viss brukaren fyller vilkåra for stønad til formstøypte øyreproppar, vil utgiftene bli dekte av NAV. Brukaren får skriftleg svar på søknaden.
Brukaren må ta kontakt med produsent av støyproppar for å få desse laga. Fagpersonen i saka skal gi brukaren informasjon om aktuelle produsentar.
Oppgjer kan skje på to måtar:
Alternativ 1
Brukaren kan betale øyreproppane sjølv, og sende original kvittering til NAV. Kvittering skal sendast med brevpost og innehalde namn, adresse, fødselsnummer og kontonummer til brukaren. Send brevet til NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Postboks 121 Kokstad, 5863 Bergen.
Pengar blir overførte til konto etter at kvittering er motteken. Kvittering må sendast innan seks månader. Etter seks månader fell kravet bort av rekneskapsmessige omsyn. Då må brukaren sende ny søknad om refusjon etter folketrygdloven § 22-13.
Alternativ 2
Produsent/leverandør av øyreproppane kan sende e-faktura direkte til NAV. Viss brukaren vel denne framgangsmåten, er det viktig at han eller ho viser vedtaket til produsenten, og opplyser om framgangsmåte for å sende inn e-faktura:
- NAV krev elektronisk faktura på EHF-format.
- Vedlegg må vere knytt til fakturaen som pdf-fil.
- Faktura sendest til NAV Økonomiteneste, Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger.
- Leverandører skal bruke organisasjonsnummer 889640782.
- Faktura skal merkast med referansenummer H103729.
- Betalingsfrist skal vere 30 dagar.
Spørsmål om elektronisk faktura kan sendast på e-post til elektronisk.faktura@nav.no eller rettast til kommunikasjonssenteret på telefon 40 00 77 60.