Brukaren, ved kommunal terapeut, pliktar å melde frå om uhell ved bruk av hjelpemiddel som er lånte ut frå NAV.

Det skal meldast frå, utan unødig opphald, om hendingar som kan henge saman med bruk av medisinsk utstyr og som har ført til, eller kunne ha ført til, død eller alvorlig forverring av helsetilstanden til ein pasient, brukar eller annan person.

Hjelpemiddelet skal omgåande leverast til NAV Hjelpemiddelsentral. Produktet skal merkast med gull lapp og 'uhell'.

Ved dødsfall, ring NAV Hjelpemiddelsentral Vestland snarast mogleg etter ulykka, på telefon 40 70 28 12 (Bergen) eller 40 70 28 14 (Førde).

Rapport skal sendast på e-post seinast påfølgjande dag.

Skriv 'Uhell med hjelpemiddel' i emnefeltet.

Rapporten må innehalde informasjon om desse punkta: 

  • beskriving av hendinga (til dømes kollisjon, utforkøyring, velt, fall eller påkøyrsel)
  • produktnamn (sølvlapp)
  • hms artikkelnummer
  • serienummer (sølvlapp)
  • brukarnummer og/eller fødselsdato
  • dato og klokkeslett for hendinga
  • beskriving av hendinga/uhellet
  • opplysingar om skade på brukaren
  • kunne hendinga ført til forverra helsetilstand for brukaren?
  • kan hjelpemiddelet brukast etter kontroll/byte?
  • er brukaren i stand til å bruke hjelpemiddelet vidare?
  • har brukaren behov for same hjelpemiddel?
  • ved uhell med elektrisk rullestol, personløftar eller seng, skal det leggast ved dokumentasjon på at servicepersonell har gjennomført opplæring

Legg ved bilete som dokumentasjon.

Rapporten skal ikkje innehalde personopplysingar. 

Hvis brukaren sitt behov er endra, må det sendast ny søknad, og hjelpemidlet må leverast inn med skjema for innlevering.

Hjelpemiddel som ikkje er leverte av NAV

Når hjelpemiddelet er lånt ut frå NAV, skal kommunen rapportere til NAV Hjelpemiddelsentral. Viss hjelpemiddelet er kjøpt privat, skal kommunen rapportere direkte til Statens legemiddelverk.

Les meir på Statens legemiddelverk sine nettsider.

Bistand til pårørande

NAV Hjelpemiddelsentral kan hjelpe pårørande med oppfølging etter uhell eller ulykke.

Kommunen skal undersøke om pårørande til brukaren ønskjer hjelp frå hjelpemiddelsentralen. Meld inn behovet i samband med rapportering. Skriv 'behov for samtale med pårørande' i rapporten.

Vurder funksjonsevnen

Når det skjer uhell med elektrisk rullestol som brukaren betener sjølv, skal den kommunale terapeuten følgje opp brukaren og vurdere om han eller ho har god nok funksjonsevne til å betene den elektriske rullestolen.

Viss det vert avdekt at brukaren ikkje har god nok funksjonsevne til å kunne ferdast trygt, skal hjelpemiddelet leverast tilbake.