• Føresetnad for å søke om rampe er at rampa ikkje vert brattare enn 1:12; aller helst 1:15. Dette må reknast ut og vurderast i kvar sak.
  • Lengde på rampa må sjåast i samanheng med nødvendig repos framfor døra, samt plass til å kome seg av rampa.
  • Bruk målestokk 1:50 viss du skal teikne inngangsparti på eit A4-ark.  Du finn målestokken ved å dele alle mål på 50.
  • Viss du tek bilete, må nødvendige mål teiknast inn på bileta.
  • Vurder brukaren sitt behov ut frå funksjon: - Har brukaren rullator? - Har brukaren manuell eller elektrisk rullestol? - Skal brukaren trille sjølv, eller blir han/ho trilla? - Er det nødvendig med plass til oppbevaring eller lading utandørs? Opplys om behova i søknaden, og legg ved utfylt T09 skjema.
  • Dette må gå fram av målsett skisse eller målsett bilete: - Stad der tilkomstveg kjem inn til huset. - Breidde og lengde på tilkomstvegen. - Forskjell i høgde frå dørstokk til bakkenivå.  - Topografi: Er terrenget flatt eller skrått? Dette har betyding for lengde på rampa. - Hugs å opplyse om relevante mål på søyler, utspring på tak, murar og liknande. - Opplys om storleik (breidde og djupleik) på eksisterande øvste trinn. - Beskriv kva veg ytterdøra slår.

Mål på rampemodular

Repos - standard størrelse er 164 x164 cm. Kan òg leverast i ½ og ¼ størrelse. Sjølve reposet byggjer 14 cm i høgda, men kan skjærast ned til 7 cm.

Køyrebanemodular - breidde er 110 cm. Kjem i lengdene 125, 250 eller 300 cm.

Trapp frå Topro - breidde er 110 cm i yttermål. Finst med 1-6 trinn. Trapp kan berre monterast på repos, ikkje på sida av køyrebanemodulane.

Dersom ein må svinge 90 eller 180 grader, er det nødvendig med 1, 1 ½ eller 2 horisontale repos for å få plass til å svinge.

Under Relatert informasjon finn du illustrasjonar med døme på rampemodular.

Plan- og bygningsloven (utdrag)

  • § 12-15 Rampe: - Strekning inntil 3 meter = maks stigning 1:12 - Strekning over 3 meter = maks stigning 1:15  
  • § 8-5 Gangtilkomst til bustad: - Strekning inntil 5 meter = maks stigning 1:12 - Strekning over 5 meter = maks stigning 1:15