Tilskotet kan nyttast til å få nødvendige rom på eitt plan, eller for å lage trinnfritt inngangsparti til bustaden. Det blir lagt vekt på at løysinga skal gjere bustaden tilgjengeleg og brukbar, og i samsvar med gjeldande plan- og bygningslov med teknisk forskrift (krav som gjeld for tilgjengeleg bustad).

Terapeut frå bustadkommunen kan hjelpe med kartlegging av behov. Terapeuten kan også hjelpe med å sende tilvising (henvisning) og endeleg søknad, når saka er ferdig utgreidd.

Saman med søknaden må det sendast utfylt tilleggsskjema, finansieringsplan og pristilbod, og detaljert skisse med val av materiale og eventuell  terskelhøgd må leggast ved. Kommunen kan hjelpe med søknad på stønad frå Husbanken, viss det er aktuelt.

Tilskotet frå folketrygda kan gå inn i ein felles finansieringsplan, saman med stønad frå Husbanken og kommunen og eventuelt privat finansiering. Størrelsen på tilskotet skal svare til prisen på hjelpemidlet som alternativt kan bli installert, utan monteringskostnader. Gjeldande rammeavtalar skal vere utgangspunkt for utrekninga. Meirverdiavgift skal vere inkludert i utrekninga.

Tilskot for å utbetre inngangspartiet skal bidra til å utlikne høgdeforskjell mellom bakkenivå og inngangsdøra, og gi varig tilrettelagt tilkomst til bustaden.

Tilskot i staden for heis

Tilskot for heis tilsvarar det heisen ville ha kosta om han var kjøpt inn. Kostnader til installasjon skal ikkje reknast med.

Tilskot i staden for rampe

Det er to maksimum storleiker på tilskot til ramper:

  • Tilskot til rampe opp til 40 cm høgdeforskjel - maksimum sats er 29 700 kroner pluss mva.
  • Tilskot til rampe over 40 cm høgdeforskjel - maksimum sats er 53 000 kroner pluss mva.

Tilskotet skal ikkje overstige dei reelle kostnadane ved å legge til rette tilkomsten. Eigeninnsats vert ikkje godtgjord.

Tilskotet kan ikkje nyttast til å bygge eller kjøpe ny bustad, eller som flyttetilskot. Tilskotet skal ikkje erstatte allereie eksisterande ordningar frå Husbanken og kommunen, jamfør folketrygdlova § 10-8.

Alle nødvendige rom på eitt plan (bad, soverom, stue og kjøkken)

  • Romma må vere funksjonelle med tanke på storleik for brukaren no og framover.
  • Ein må ta høgde for mogleg progresjon i sjukdom og plass til nødvendige hjelpemiddel.
  • Det skal så langt det er mogleg vere terskelfritt mellom romma.

Krav til trinnfritt inngangsparti

  • Løysinga skal vere trinnfri. Viss inngangspartiet må ha terskel, kan denne maksimalt vere 2,5 cm. Terskelen må ha ein skråskåren kant som ikkje er brattare enn 45 grader.
  • Stigning på gangtilkomst bør ikkje vere brattare enn 1:12 (8,33%), helst 1:15 (6.67%) om mogleg.
  • Utanfor inngangsdør bør det vere eit horisontalt felt på 1,5 m x 1,5 m, om mogleg utanfor svingradius for døra.
  • Breidde på gangveg bør vere minst 1 meter og skal vere minimum 90 cm.
  • Gangvegen må ha fast og sklisikkert dekke. Brustein, singel og treverk vert ikkje rekna som egna dekke. Nokre gongar kan det vere aktuelt med varmekablar.
  • Rekkverk eller køyrekant bør monterast der fallhøgde er over 20 cm.
  • Rekkverk må monterast der det vert direkte fallhøgde på 50 cm eller meir.
  • Tverrfall bør ikkje vere meir enn 2%.
  • Det vert tilrådd nedfelt skrapelist framfor døra, og overbygd inngangsparti.
  • Hugs stikkontakt dersom det er behov for å lade elektrisk rullestol ute.

Føresetnad for utbetaling av tilskot

  • Brukaren må fylle vilkåra for stønad til rampe, løfteplattform eller trappeheis.
  • Det er ein føresetnad at hjelpemiddel frå folketrygda ikkje vert installert.
  • Rampe, løfteplattform eller trappeheis må vere eit reelt alternativ. Dette betyr at det må la seg gjere å installere hjelpemidlet, og dette må vere ei tenleg løysing for brukaren.
  • Utgifter som er daterte før vedtaksdato, vert ikkje refunderte. Det vil seie at arbeidet ikkje må starte før vedtak er fatta i saka. Både byggherre og brukar må få informasjon om at utgifter må forskotterast.
  • Kontroll av utført arbeid vert gjort av terapeut i kommunen. Bilete og dokumentasjon av den ferdige tilrettelegginga, skal sendast til rådgjevaren som har saka på NAV Hjelpemiddelsentral Vestland.
  • Bileta må vise at endeleg løysing er terskelfri og funksjonell.
  • Utbetaling av tilskot skjer frå NAV Hjelpemiddelsentral. Utbetalinga vert basert på dokumentasjon som er sendt inn etter at arbeidet er kontrollert og godkjent.
  • Tilskotet vert utbetalt til kontonummeret som brukaren har registrert hos NAV.
  • Unntaksvis kan utbyggjar sende faktura direkte til NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, utan at brukaren forskoterer utgiftene. Det er ein føresetnad at dette er avtalt med NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, og at fakturaen er elektronisk og med betalingsfrist på minst 30 dagar.