Søknad om trappeheis med sete eller plattform i felles oppgang

  • Terapeuten sender tilvising (henvisning) med utfylt T09 skjema, før ho/han sender søknad. Godkjenning er ikkje nødvendig før etter synfaring.
  • Saka blir vurdert av bustadrådgjevar på NAV Hjelpemiddelsentral. Rådgjevaren informerer terapeuten på e-post om kva heisfirma ho/han kan kontakte. Firmaet får kopi av e-posten.
  • Terapeuten gjer avtale med heisfirmaet om felles synfaring. Vi anbefaler at eit medlem frå styret i burettslaget eller sameiget er med på synfaringa, viss det er mogleg.
  • Heisfirmaet tek mål og utarbeider pristilbod og skisser som dei sender til terapeuten. Terapeuten sender skisser og skjema til styret i burettslaget eller sameiget for godkjenning og signering.
  • Terapeuten sender til slutt søknad, pristilbod, skisser og utfylt T09-skjema til NAV Skanning (hugs førsteside).

Søknad om trappeheis i privat bustad

  • Terapeuten sender søknad direkte viss det gjeld seteheis. Legg ved godt utfylt T09-skjema.
  • Viss terapeuten er usikker på om det er mogleg å montere trappeheis, kan ho/han sende tilvising (henvisning) før søknad.
  • Viss det trengst trappeheis med plattform (som krev mykje plass), må det sendast tilvising (henvisning) før søknad.

Søknad om utvendig trappeheis eller løfteplattform med eller utan sjakt

Terapeut sender tilvising (henvisning) med utfylt T09-skjema, før ho/han sender søknad.

Søknad om rampe

  • Terapeuten kan søke direkte dersom ho/han vurderer at det er plass til rampe. Brukaren må få informasjon om kor lang rampa vil bli.
  • Målsett bilete eller målsett skisse må leggast ved søknaden. Biletet eller skissa må vise at det er plass til ei rampe som ikkje er brattare enn 1:12, og mogleg ikkje brattare enn 1:15.
  • Viss terapeuten er usikker på om det er plass til rampe, sender ho/han tilvising (henvisning) med mål.

Sjå eiga side om å ta mål for tilkomst med rampe og størrelse på rampedelar.

Søknad om tilskot i staden for rampe, løfteplattform eller trappeheis

  • Terapeuten sender tilvising (henvisning) og T09-skjema, før søknad. T09-skjemaet må fyllast ut og ha med informasjon om kva hjelpemiddel som er grunnlag for tilskotet.

Sjå eiga side om ordninga, for utfyllande informasjon om krav.

Generell informasjon

  • Terapeut kan ikkje avtale synfaring med firma utan at det er godkjend av NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen. 
  • Søknad og tilvising (henvisning) skal ikkje sendast inn samtidig.
  • Hugs at folketrygda ikkje dekker bygningsmessige endringar og framføring av nytt straumpunkt, sjå punkt 7 på T09-skjemaet.
  • Viss du skal sende bilete elektronisk, sender du dei på e-post  til nav.hot.vestland.bergen.radgivning@nav.no. Hugs å merke bileta med brukarnummer. Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, viss du ikkje har nummeret.