Teikn først badet i målestokk (sjå tips på sida Kartlegging av baderom).

Toalettilsats - post 22 i rammeavtalen

  1. Vurder først om toalettilsats kan avhjelpe brukaren sitt behov. Produkta i denne posten vert monterte på brukaren sin wc, og gjev høve til spyl og tørk. For å skylje ned må framleis knappen på den eksisterande wc-en nyttast. Brukaren sitt toalettsete vert fjerna før tilsats vert montert. Seteringen (toalettringen) hos brukaren måler ofte omlag 2 cm. Ta dette målet. Mål både frå golvet og opp til porselenet, og frå golvet til topp av toalettringen. Nødvendig tilbehør tek ofte plass i tillegg. Mål kor mykje plass det er på kvar side av wc-en.
  2. Gå inn på 1. val i posten Lotus Care XL. Tilsatsen bygger 3 cm i høgda. Her finn du ei brosjyre der den siste sida syner kva mål denne tilsatsen har. Mål avstanden frå sisterna til framkant av porselenet på brukaren sin wc. Dersom dette målet er 46 cm eller meir må alle dei andre måla som er oppgjevne på skissa i brosjyren tas med, for å at det skal vere mogleg å sjå om tilsatsen passar. Teikn dette inn i tilleggskjemaet. Viss mål A er mindre enn 46 cm på brukaren sin wc, passar ikkje denne tilsatsen.
  3. Gå inn på 2. val i posten AquaClean Tuma Comfort. Tilsatsen bygger 3 cm i høgd. Dersom avstand frå sisterne til framkant av porselenet på brukars wc er 50 cm eller meir, passar denne tilsatsen. (A målet nemnt over). Er målet mindre enn 50 cm passar ikkje denne tilsatsen.
  4. Gå til 3. eller 4. val – Svan bidette. Det einaste som skil desse 2 rangerte produkta er sjølve håndkontrollen; separat eller heilautomatisk kontroll. Tilsatsen bygger 6,5 cm i høgd. Denne tilsatsen ser ut til å passe dei fleste wc reint teknisk sett, men då må ein vurdere om brukar kan nytte ein tilsats som bygge noko meir i høgd. NB! Hugs då å trekkje i frå kor mykje brukars setering byggjer før ein vurderer dette.
  5. Under tilbehørslista er det mellom anna toalettløftar til kvar av tilsatsane, i fall dette trengst. Sjå på desse med tanke på kva plass dei eventuelt tek sidevegs eller i lengda, og vurder kva brukar kan nytte med tanke på plass på badet eller brukaren sin funksjon. Sidevegs forflytting eller forflytting framanfrå, kan vere viktig å ha med i vurderinga.
  6. Viss ingen av toalettilsatsane kan nyttast på grunn av mål på eksisterande wc eller fordi brukaren må kunne spyle ned frå knapp plassert på til dømes armlene, kan det vere aktuelt å vurdere ein heil spyl/tørk-wc.

Toalett med spyl/tørk-funksjon – post 19-20 i rammeavtalen

  1. Heil spyl/tørk-wc er både breiare og lengre enn vanleg wc, ofte opp i mot 10 cm breiare og 10 cm djupare. Difor må det gjerast ei vurdering av om det er plass både til å montere aktuell spyl/tørk-wc og for brukaren å kome av og på wc-en. Det er også aktuelt å vurdere om brukaren kjem seg inn i dusjen eller har plass til å nytte vasken. Det krevst altså ei totalvurdering.
  2. Viss det er behov for toalettløftar til ein heil spyl/tørk-wc, er det Aerolet i nokon ulike versjonar som er prisforhandla i post 23-26. Viss denne ikkje kan nyttast, må det søkast om dispensasjon med grundig forklaring på kvifor han ikkje passar. Årsaken kan vere plass på badet eller brukaren sin funksjon og teknikk for å kome av og på wc-en.

Søknad på tilsats eller heil spyl/tørk-wc

  • Brukaren sitt funksjonsnivå og brukaren sitt behov, saman med tekniske vurderingar rundt punkta over, må kome fram i søknaden.
  • Godt utfylt og underskrive T01-skjema må leggast ved søknaden. God og målsett skisse av heile badet (heil spyl/tørk-wc) eller nok detaljar rundt wc (tilsats) er svært viktig for at hjelpemiddelsentralen skal kunne behandle søknaden.
  • Sjå siste side på T01 om godkjenning om kva NAV dekkjer og ikkje dekkjer når det gjeld straum og anna.
  • Viss du skal sende målsette bilete elektronisk, sender du dei på e-post til nav.hjelpemiddelsentral.hordaland.radgivning@nav.no. Hugs å merke bileta med brukarnummer. Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, viss du ikkje har nummeret.