Målestokk

Bruk gjerne målestokk 1:20, som er ein god målestokk for eit baderom. Når du brukar denne målestokken, får du oftast alt inn på eit A4-ark.

Under Relatert informasjon finn du illustrasjonar med eksempel på målsette hjelpemiddel (1:20).

Slik gjer du

  • Mål opp breidde, lengde og høgde (for takheis) på rommet. Del kvart tal på 20, så får du centimeter du skal teikne rommet i.
  • Mål opp fastmontert utstyr som finst i rommet eller som skal monterast.
  • Vask, wc, badekar, dusj, skap og liknande: Mål størrelsen på gjenstandane, og kor mykje plass det er mellom dei. Vurder også mål på nødvendige lause hjelpemiddel som skal ha plass i rommet.
  • Viss badet skal pussast opp eller utvidast, må det avklarast om det finst noko det må vere plass til eller som ikkje kan flyttast. Tips: Bruk to ark - eitt der du teiknar opp rommet og eitt der du klipper ut laust og fast inventar. Hugs snusirkel og plass til hjelpeperson.

Eksempel på gjenstandar og hjelpemiddel på eit bad

  • Snusirkel - 150 cm eller 160 cm for større rullestolar.
  • Vask kan til dømes vere 55 cm djup og 90cm brei. Mål vasken.
  • Hjelpeareal/vaskemaskin - 60x60 cm
  • Dusjsone - 90x90 cm er mykje brukt, men dette kan vere trongt. Anbefalt minstemål er 110x110 cm. Norges Handikapforbund anbefaler 150x180 cm når hjelpeperson skal vere på badet. Hugs å kartlegge om det er terskelfritt inn i dusj og inn på sjølve badet.
  • Stellebord kan til dømes vere 190x70 cm eller kortare. Er det aktuelt med vegghengt stellebord? Då må det vere spikarslag i veggen. Hugs at motoren også tek plass.
  • Badekar - 170x70 cm er ein mykje brukt storleik på badekar Det er ulike prisforhandla storleikar på hev-/senkbare badekar. Det største er 180x80 cm.
  • WC - sjå sida Kartlegging for spyl/tørk-funksjon viss det er eit behov.Ved universell utforming er det krav om 90 cm plass på kvar side av wc. Ved krav for tilgjengeleg bustad, er minimumsmål 90 cm plass på ei side, og 20 cm på den andre sida av wc.
  • Dusjvogn - prisforhandla dusjvogn er 77x181/206 cm. Berekn 20 cm ekstra i lengda, fordi sakseløftet tek plass når dusjvogna er i bruk.

Alle hjelpemiddel med elektriske funksjonar, treng strøm.

Personløftar

Ulike mobil personløfterar skal alltid vere vurderte før stasjonær (takheis). Viss søknaden gjeld stasjonær personløftar, må du måle lengde, breidde og takhøgde på rommet.

  • Har rommet lampar eller andre gjenstandar som bygg ned, og kor mykje i så fall?
  • Er taket flatt?
  • Er det røyr eller boksar langs vegger eller tak?
  • Er det terskelfritt inn i rommet?
  • I kva rom er det behov for takheis (normalt bad og soverom)
  • Kvifor kan ikkje mobil personløftar nyttast?

Tilleggsskjema

Viss det skal søkast på eitt eller fleire fastmonterte hjelpemiddel, skal det alltid følgje tilleggsskjema med søknaden. Fyll nøyaktig ut det tilleggsskjemaet som gjeld hjelpemidlet i søknaden, signer skjemaet, og send det inn saman med søknaden.