Oversikt over kva må avklarast og kartleggast ved tilvising (henvisning) for tilrettelegging av nytt eller eksisterande kjøkken.

Dette kan vere inkludert når du søker på hev/senk-motor

  • Demontering av eksisterande blandebatteri og avløpsrør.
  • Demontering av eksisterande kjøkkeninnreiing som skal monterast tilbake på heve- og senkemotorar.
  • Montering av hev/senk-motor, kjøkkeninnreiing som skal monterast på heve- og senkemotor samt sarg.
  • Utsparing av benkeplate i forbindelse med montering av kum, sarg, klemlister, brytarar og liknande.
  • Montering av nytt eller eksisterande blandebatteri og avløpsslange. Det er ei føresetnad at utstyret ved hjelp av fleksible slangar for vatn og avløp, kan monterast på eksisterande røyropplegg.
  • Framføring av straum (ekstra kontakt) frå eksisterande punkt i rommet.

Dette er ikkje inkludert

Dette må brukaren ordne og betale sjølv eller søke om å få dekt med midlar frå Husbanken. Midlar frå Husbanken er behovsprøvde.

  • Tømme kum og annan rydding før montering.
  • Demontering av kjøkkeninnreiing som ikkje skal monterast tilbake på hev/senk-motor, til dømes gesimslist, utforing, sokkel og liknande.
  • Montering av flatpakka kjøkkeninnreiing.
  • Kapping av lengde på benkeplate.
  • Forsterkning av vegg med 20-25 mm kryssfiner eller tilsvarande.
  • Utforing for å utlikne djupneforskjellar mellom overskåp.
  • Montering av gesimslist, utforing, sokkel og liknande.
  • Framføring av straum til rommet.
  • Demontering av eksisterande straumpunkter, stikkontaktar, lyslist/armatur og anna elektrisk utstyr.
  • Endring av eksisterande opplegg for straum og avløp (ved hev/ senk-benkeplate kan vann vere maksimalt 30 cm over ferdig golv).
  • Belysning.

Er  punkta over avklart og det er aktuelt å søke om hev/senk-motorar anten på nokre overskåp eller hev/senk av benkeplate, må det sendast inn tilvising (henvisning) og utfylt T03-skjema. Send gjerne inn bileter av kjøkkenet slik det er i dag, eller skisse-forslag til ny kjøkkeninnreiing, viss det alt er utarbeidd.

Sende bilete

Viss du skal sende målsette bilete elektronisk, sender du dei på e-post til nav.hjelpemiddelsentral.hordaland.radgivning@nav.no.

Hugs å merke bileta med brukarnummer. Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, viss du ikkje har nummeret.