Den kommunale terapeuten har ansvar for å finne den løysinga som er nødvendig og formålstenleg for brukaren.

Viss du treng hjelp til utprøving i ei komplisert sak, fyller du ut skjemaet «Hjelp til vurdering og utprøving» og aktuelt tilleggsskjema, og sender det til NAV Skanning.

Søknad

Når det vert søkt på rørslehjelpemiddel, skal aktuelle tilleggsskjema fyllast ut og følgje med søknaden. Tilleggsskjemaet er til hjelp i kartlegginga, og eit viktig arbeidsreiskap når NAV Hjelpemiddelsentral skal gjere klar hjelpemidlet til brukaren.

Den som rekvirerer hjelpemidlet har ansvar for tilpassing, opplæring og oppfølging. Det er NAV Hjelpemiddelsentral som har det koordinerande ansvaret for å velje produkt, med utgangspunkt ut i behovsutgreiinga som ligg føre. NAV Hjelpemiddelsentral nyttar resirkulerte hjelpemiddel når det er mogleg.

Viss førsteval på rammeavtalen ikkje kan nyttast, er det viktig å grunngje dette i søknaden.

For fleire av hjelpemidla er det krav om pristilbod saman med søknaden.

Bestillingsordninga

Bestillingsordninga skal gjere det enklare for brukarar og formidlingstenesta å søke på hjelpemiddel, og redusere leveringstid og administrasjon ved utlevering av hjelpemiddel.

Her finn du meir informasjon om Bestillingsordninga.

Du treng godkjenning for å kunne bruke Bestillingsordninga. For å få godkjenning må du ha brukarpass eller vere fagperson tilsett i kommunen, og du må gjennomføre to e-læringsmodular.

Her kan du lese meir om korleis du får godkjenning som bestillar.

Ver merksam på at hjelpeskjema for manuell- og elektriske rullestol må leggast ved bestillinga, sjølv om dette ikkje går fram i skjemarettleiaren eller på førstesida.