Tolketilbudet

Vi nyttar bildetolk der det er mogleg. Det er opna for oppmøtetolk for høgt prioriterte oppdrag. Les meir om tolketilbudet her  

Transport av hjelpemiddel

Transport av hjelpemiddel, inn- og utlevering går som normalt. 

Tekniske tenester 

Reparasjoner og andre tekniske tenester ute hos brukar blir utført etter avtale. Reparasjon av hjelpemidler som blir levert inn går som normalt. Vi startar gradvis opp med periodiske ettersyn (PE). 

Signatur på skjema

Frå 16.juni krev vi underskrift på skjema. Perioden der vi har godtatt signatur av grunngjevar er avslutta.   

Brukarkonsultasjonar

Vi vil framleis nytte videomøte eller telefon, der det er mogleg. Brukarkonsultasjonar der fysisk møte er nødvendig, blir utført etter avtale. Har du avtale på Hjelpemiddelsentralen, vil du bli henta utanfor ved avtaletidspunktet.  

Kurs og samlingar

Kurs og samlingar i regi av NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal er avlyste. Vi nyttar videomøte eller telefon, der det er mogleg.

 

Det er ikkje mogleg å møte opp på NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal utan avtale.

Telefonen er betjent som vanleg. 

Leveringssituasjonen for hjelpemiddel og delar til reparasjon kan bli påvirka av endring i leveransesituasjonen. Restriksjonar som kommunen pålegg seg, og som har innverknad på våre teneste, må NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal bli varsla om på epost til nav.hot.more.og.romsdal@nav.no 

Les også nasjonal informasjon om gradvis gjenåpning av hjelpemiddelsentralene