Tolketilbudet

Vi nyttar bildetolk som førstevalg og video/oppmøtetolk etter avtale. Les meir om tolketilbudet og smittevern

 

Kurs og samlingar

Dei fleste kurs og samlingar blir digitale hausten 2020. Sjå vår kurskalender for oversikt over kurstilbodet.

 

Transport av hjelpemiddel

Transport av hjelpemiddel, inn- og utlevering går som normalt, med avtalte smitteverntiltak. 

 

Tekniske tenester 

Reparasjon av hjelpemidler som blir levert inn går som normalt. Tekniske tenester ute hos brukar blir utført etter avtale.  

 

Brukarkonsultasjonar

Vi vil framleis nytte videomøte eller telefon, der det er mogleg. Brukarkonsultasjonar der fysisk møte er nødvendig, blir utført etter avtale.   

Det er ikkje mogleg å møte opp på NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal utan avtale. 

Telefonen er betjent som vanleg. 

Leveringssituasjonen for hjelpemiddel og delar til reparasjon kan bli påvirka av endring i leveransesituasjonen.

Restriksjonar som kommunen pålegg seg, og som har innverknad på våre teneste, må NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal bli varsla om på epost til nav.hot.more.og.romsdal@nav.no 

Les også nasjonal informasjon om gradvis gjenåpning av hjelpemiddelsentralene