Sidan 1990 har samarbeidet mellom kommunane i fylket og Hjelpemiddelsentralen vore styrt av rammeavtalar  Både kommunane og Hjelpemiddelsentralen har gjennomgått endringar og omstillingar sidan den gjeldande samarbeidsavtalen vart signert i 2009. Forskrifta om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator set klarare krav til dei kommunale tenestene når det gjeld hjelpemiddelformidling. Eit meir robust kommunalt rehabiliteringsområde har vore ein føresetnad for å lykkast. Mange kommunar har auka innsatsen, men det har tidvis vore diskusjon om grensa mellom ansvaret til kommunen og hjelpemiddelsentralen. Vi har derfor inngått ein meir detaljert tilleggsavtale med kommunane som vi kallar Samhandlingsdokumentet.  Du finn også Rammeavtalen,Samhandlingsdokumentet og dokumentet Ansvar for montering under relatert informasjon.