Uføretrygd og opptening av alderspensjon

Dersom du er uføretrygda, skal du vere sikra ein god alderspensjon. Pensjonen skal stå i eit rimeleg forhold til pensjonen som dei arbeidsføre får. Kva reglar som gjeld for deg, kjem an på når du er fødd.

Jobbar du ved sida av uføretrygda, kan du få ein høgare alderspensjon. Korleis du tener opp rett til alderspensjon, er avhengig av når du er fødd.

Du opparbeider deg rett til alderspensjon sjølv om du er ufør. Er du fødd i 1963 eller seinare, aukar pensjonsbehaldninga di kvart år fram til du er 62 år. Dersom du jobbar ved sida av uføretrygda, aukar pensjonsbehaldninga også etter at du har fylt 62 år.

Er du fødd i åra 1954–1962, blir alderspensjonen din berekna dels på grunnlag av pensjonsbehaldninga di og dels på grunnlag av pensjonspoeng, som du får godskrivne for kvart år fram til du er 66 år.

Er du fødd før 1954, blir alderspensjonen din berekna på grunnlag av pensjonspoeng, som du får godskrivne for kvart år fram til du er 66 år.

Du får alderspensjon frå og med fylte 67 år

Har du 100 prosent uføretrygd, får du automatisk alderspensjon når du fyller 67 år. Du får då eit vedtaksbrev om at uføretrygda di er avslutta, og at du får alderspensjon frå same tidspunktet. Du treng ikkje å søkje om alderspensjon.

Har du gradert uføretrygd når du fyller 67 år, får du automatisk ein alderspensjon med næraste moglege uttaksgrad for dette. Moglege uttaksgradar for alderspensjon er 20, 40, 50, 60, 80 og 100 prosent. Ønskjer du 100 prosent alderspensjon, må du søkje om dette til NAV.

Du kan få uføretrygd og alderspensjon samtidig

Er du over 62 år og har rett til å ta ut alderspensjon, kan du kombinere alderspensjonen med uføretrygd. Gjer du det, kan den samla graden av uføretrygd og alderspensjon ikkje vere over 100 prosent. Har du rett til avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor, kan du miste denne retten dersom du får uføretrygd etter at du fyller 62 år. Ta kontakt med Fellesordninga for AFP dersom du har spørsmål om kombinasjonen av uføretrygd og AFP.