Spør NAV om pensjon

Language

Hos NAV Kontaktsenter Pensjon får du spesialisert rettleiing om pensjon. Telefonnummeret er 55 55 33 34.

NAV Kontaktsenter Pensjon har ope alle kvardagar frå klokka 08.00 – 15.30. Kontaktsenteret svarar på spørsmål om hele breidda av pensjonsytingar, med unntak av uførepensjon. Meir spesifikt gjeld dette fylgjande ytingar:

  • Alderspensjon, med eventuelt forsørgingstillegg
  • Avtalefesta pensjon (AFP) i privat og offentleg sektor
  • Attlevandeytingar
  • Barnepensjon
  • Ytingar til tidlegare familiepleiar
  • Omsorgsopptening
  • Yrkesskadepensjon
  • Krigspensjon

Rettleiing på nett og telefon

I nettenesta Din pensjon kan du sjå kva regelverket for pensjon betyr for deg og pensjonsøkonomien din. Her kan du planlegge eigen framtidig pensjon, og søkje om alderspensjon frå folketrygda elektronisk. Her kan du også kontakte NAV dersom du har spørsmål om pensjon.