Jobbe ved sida av uføretrygd

Du kan arbeide så mykje du har moglegheit til. Det løner seg å arbeide av di uføretrygd og innekt er høgare enn uføretrygd aleine.

Det er ei grense for kor mykje inntekt du kan ha før uføretrygda justeres noe ned. Det løner seg likevel å jobbe. Uføretrygda justeres opp dersom inntekta di blir lågere att.

Inntekt ved sida av uføretrygda

  • Inntektsgrensa er 0,4 G (grunnbeløpet i folketrygda). Dersom du hadde uførepensjon før 1. januar 2015, har du i ein overgangsperiode fram til 1. januar 2019 ei inntektsgrense på 60 000 kroner. Omsorgsstønad blir rekna som inntekt. Det same gjeld dersom du tek imot fosterheimsgodtgjersle.
  • Dersom du er gradert (delvis) uføretrygda, har du ein individuelt fastsett inntektegrense. Den er sett saman av beløpane over og det NAV har fastsett at du har moglegheit til å ha i inntekt ved sida av uføretrygda.
  • Dersom du har fått innvilga tiltaket «Varig tilrettelagt arbeid», er inntektsgrensa 1 G.

Dersom du tener over inntektsgrensa, vil du behalde inntekta, men uføretrygda blir sett noko ned. Samla vil du sitte att med meir, av di det berre er ein viss del av inntekta over inntektsgrensa som førar til at uføretrygda blir sett ned.

Kor mykje uføretrygda blir sett ned, er individuelt. Dersom du vil sjå korleis inntekt påverkar uføretrygda di, kan du logge deg inn på Ditt NAV. Her kan du leggje inn ulike inntekter og sjå korleis det påverkar storleiken på uføretrygda di.

Kva tid skal du melde frå om forventa inntekt?

For å sikra at du får rett utbetaling av uføretrygd, må du melde frå til NAV når

  • du forventar å få ei årsinntekt som er høgere enn inntektsgrensa di
  • årsinntekta di endrar seg frå det du tidlegare har meldt frå om

Du kan enkelt melde frå til NAV ved å logge deg inn på Ditt NAV.

Kva skjer dersom du melder inn for mykje eller for lite inntekt?

Når resultatet av skattelikninga er klar for det enkelte kalenderåret, gjer NAV eit etteroppgjer av uføretrygda di dersom du har fått utbetalt for lite eller for mykje uføretrygd året før. Dette blir gjort kvar haust.

Les meir om etteroppgjer og uføretrygd.

Inntekt kan påverke tillegg til uføretrygda