Berekning av uføretrygd og inntekt

Language

Dersom du logger deg inn på Ditt NAV, kan du melde frå kor mykje du trur du vil tene ved sida av uføretrygda. Da sikrer du at uføretrygda blir justert rett.

I tillegg kan du sjå utbetalingar av uføretrygda di og få ei oversikt over vedtaka dine.

Planlegg og send inntekta di til NAV

Med det nye regelverket vil det alltid lønne seg å ha inntekt ved sidan av uføretrygda. Logg deg på nav.no og prøv NAVs sjølvbeteningsløysing for uføretrygd, der kan du

  • sjå korleis inntekta di påverkar storleiken på uføretrygda
  • sjå kor mykje du får i uføretrygd og inntekt til saman
  • melde frå kor mykje du forventar å tene i året, og få nytt vedtak i løpet av få minutt

Dersom inntekta di endrar seg, kan du enkelt gå tilbake og melde frå på nytt.

Når skal du melde frå om inntekt?

Dersom du er i jobb eller har planar om å jobbe, må du melde frå til NAV om inntekta di. For å sikre at du får riktig utbetaling av uføretrygd må du melde frå til NAV når

  • du forventar å få ei årleg inntekt som er høgare enn inntektsgrensa di
  • inntekta di endrar seg frå det du tidlegare har meldt inn