Uføretrygd under institusjonsopphald eller i fengsel

Blir du lagd inn på ein behandlingsinstitusjon eller kjem i fengsel, kan det få følgjer for uføretrygda di.

Institusjonsopphald

Blir du lagd inn på ein statleg behandlingsinstitusjon, får du mindre utbetalt når du har vore innlagd i meir enn 4 månader. Frå femte månad frå du blei innlagd, og gjennom resten av opphaldet får du redusert utbetaling av uføretrygda di. Full utbetaling blir sett i gang igjen den månaden du blir skriven ut. Det er nokre unntak:

  • Har du faste og nødvendige utgifter til bustad, kan du søkje NAV om å få behalde ein del av uføretrygda for å dekkje buutgiftene dine under opphaldet.
  • Forsørgjer du ektefelle og/eller barn under 18 år, skal ikkje uføretrygda reduserast. Du har rett på full utbetaling gjennom heile opphaldet.

Er du innlagd på somatisk sjukehus, blir ikkje uføretrygda redusert.

Uføretrygd dersom du sonar i fengsel

Dersom du sit i fengsel, får du uføretrygd den månaden du blir sett inn, og månaden etter. Deretter stansar vi utbetalinga av uføretrygda. Forsørgjer du barn, kjem du likevel til å få betalt ut 50 prosent av uføretrygda. Utbetalinga blir sett i gang igjen den månaden du blir lauslaten.

Dersom du ikkje skal sone i fengsel, men kan bu heime medan du gjennomfører straffa, blir ikkje uføretrygda redusert. Dette gjeld for eksempel ved samfunnsstraff, vilkårsdom eller ved prøvelauslating.