Ytingar til tidligare familiepleiarar

Du kan ha rett til ytingar dersom du er ugift, under 67 år og har hatt tilsyn med og pleie av andre som har stått deg nær.

Regelverket for stønader til tidligare familiepleiar som går på skule eller studerer blei endra 1. januar 2016.

Informasjonen under om tilleggsstønader og stønad til skulepengar gjeld deg som søkjer etter dei nye reglane.

Kven kan få ytingar til tidligare familiepleiarar?

Det blir stilt nærare krav til medlemskap i folketrygda både for den som blei pleia og til familiepleiaren.

Tilsynet og pleia må vere avslutta og ha:

  • vore nødvendig
  • vara i minst 5 år
  • gjort det umogleg for deg å arbeide og forsørgje deg sjølv under pleietida
  • medført at du ikkje kan forsørgje deg sjølv ved eige arbeid når pleieforholdet er slutt

Ytingar kan bli gjeven etter ei total behovsprøving mot formuen og inntekta di. Dei aktuelle ytingane er:

  • pensjon eller overgangsstønad

Kva kan du få?

Pensjonen består av grunnpensjon og eit særtillegg. Storleiken på pensjonen/overgangsstønaden er avhengig av den tida du har vore medlem i folketrygda. Pensjonen blir redusert dersom du har eller kan forventa å ha ein eiga arbeidsinntekt.

Andre stønader

Du kan få tilleggsstønader og eventuelt stønad til skulepengar dersom du gjennomfører godkjend utdanning. Utdanninga må vere nødvendig og hensiktsmessig for å komme i eller behalde arbeid.

Skal du til utlandet?

Først må du sjekke om du beheld medlemskapet i folketrygda. Kontakt NAV på telefon 55 55 33 34 for nærare informasjon om du kan behalde pensjonen ved midlertidig opphald eller flytting til utlandet.

For personar som kjem til Noreg

Ytingar til familiepleiar kan berre bli gjeven til personar som har pleia ein nærståande person som var medlem av folketrygda og busett i Noreg.

Korleis søkjer du?

Søk om yting til tidligare familiepleiar

Søk om stønad til skulepengar

Skjemaa inneheld ei orientering og rettleiing. Det er viktig at du les dette før du fyller ut. Ønskjer du rettleiing eller hjelp med utfylling, kan du kontakte NAV på telefon 55 55 33 34

Søknadane blir sendt i utfylt stand til NAV Pensjon, Postboks 6600 Etterstad, 0607 Oslo.

Søk om tilleggsstønader

  • Søkjer du om tilleggsstønader fordi du er i utdanning, eller må flytte for å komme i arbeid etter gjennomført utdanning, må du sende digital søknad på nav.no.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegger opphald i utlandet, kan det ha innverknad for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du difor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalingar .