Uføretrygd ved flytting til eit EØS-land

Language

EØS-reglane gir rett til pensjonsutbetaling.Sveits og Færøyane er ikkje EØS-land, men EØS-reglane om pensjonar gjeld også i desse landa.

Beheld eg medlemskapen i folketrygda?

Dersom du flyttar til eit anna land, beheld du ikkje medlemskapen i folketrygda, men du kan ha rett til helsetenester i landet du bur i. For meir informasjon om dette kan du kontakte HELFO. Når du flyttar, kan du i somme tilfelle vere frivillig medlem av folketrygda. Dette får du dersom du har vore medlem i folketrygda i minst 3 av dei siste 5 heile kalenderåra og har minst 30 års butid etter fylte 16 år. Du må betale ei ekstra trygdeavgift for dette.

Kan eg ta med uføretrygda?

Dersom du flyttar til eit anna EØS-land, får du vanlegvis med deg uføretrygda frå folketrygda. Det er likevel somme grenser for kva rett du har til å få utbetalt uføretrygd i utlandet. Dette gjeld dei særlege fordelane i berekninga av uføretrygd for

  • flyktningar
  • personar som er unge uføre

Før du flyttar, kan NAV foreta ei vurdering av om du har rett til å ta med deg heile eller deler av uføretrygda di til utlandet. Dersom du ønskjer ei slik vurdering, må du skrive til oss og be om dette. Kontakt oss på 21 07 37 00 dersom du treng generell informasjon om fortsatt rett til ytelsar ved flytting til utlandet.

Pliktar ved flytting

Når du flyttar til utlandet, må du

Du kan søkje Skatteetaten om skattefritak.