Uføretrygd

Uføretrygd kan vere aktuelt for deg som har varig nedsett inntektsevne på grunn av sjukdom eller skade.

Uføretrygden erstattar den delen av inntektsevna du har tapt på grunn av varig sjukdom eller skade.

Om du har rett til 100 prosent uføretrygd eller gradert (delvis) uføretrygd, avheng av inntektsevna di. Har du moglegheit til å arbeide til dømes 40 prosent, kan du ha rett til 60 prosent uføretrygd.

Kven kan få uføretrygd?

For å ha rett til å få uføretrygd må du som hovudregel oppfylle desse vilkåra:

  • Du må vere mellom 18 og 67 år.
  • Du må ha vore medlem av folketrygda i dei siste tre åra før du blei ufør.
  • Sjukdom og/eller skade må vere hovudårsaka til at inntektsevna di er sett ned.
  • Du må ha gjennomført tenleg behandling.
  • Du må ha gjennomført tenlege arbeidsretta tiltak.
  • Inntektsevna di må vere varig nedsett med minst 50 prosent på grunn av sjukdom og/eller skade.

Dersom du får arbeidsavklaringspengar på søknadstidspunktet, er det tilstrekkeleg at inntektsevna di er varig sett ned med minst 40 prosent. Dersom uførleiken kjem av ein godkjend yrkesskade eller yrkessjukdom, er det tilstrekkeleg at inntektsevna di er varig sett ned med minst 30 prosent.

Kva kan du få?

Uføretrygda skal sikre inntekt for personar som har fått inntekta si varig sett ned på grunn av sjukdom eller skade.

Det er inntekta du har hatt dei siste åra før du blei sjuk eller skadd vi nyttar når vi berekner uføretrygda di. Har du hatt låg eller ingen inntekt, har du rett til ei minsteyting. Omsorgslønn er rekna som inntekt. Det same gjeld fosterheimsgodtgjersle.

I tillegg til uføretrygd kan du ha rett til uføreyting frå offentleg tenestepensjon frå til dømes Statens Pensjonskasse (SPK) eller Kommunal Landspensjonskasse (KLP).

Du opparbeider deg rett til alderspensjon sjølv om du er ufør. Les meir om uføretrygd og opptening av alderspensjon.

Dersom du oppheld deg på institusjon ein periode, kan det få følgjer for uføretrygda di.

Kombinere uføretrygd og arbeid

Du kan arbeide så mykje du har moglegheit til. Det løner seg å arbeide av di uføretrygd og innekt er høgare enn uføretrygd aleine. Les meir om å jobbe ved sida av uføretrygd.

Aktuelle tillegg og ordningar

  • Dersom du forsørgjer barn under 18 år, kan du ha rett på barnetillegg.
  • Dersom din ektefelle eller sambuar døyr, kan du ha rett til tillegg som attlevande.
  • Dersom du har ein uføregrad på minst 50 prosent, har du rett til honnørkort. Du beheld honnørkortet uansett kor mykje du tener ved sida av uføretrygda.
  • Dersom du får uføretrygd, kan du sleppe å betale heile eller delar av studielånet ditt. Du kan lese meir om dette på lanekassen.no.
  • Dersom du har låg inntekt og høge buutgifter, kan du ha rett til bustøtte. Du kan lese meir om dette på husbanken.no.

Uføretrygd og skatt

Uføretrygda blir skattlagd som lønnsinntekt. Det er ikkje skattetrekk på utbetalinga av uføretrygd i juni, og det er halvt skattetrekk i desember.

NAV får skattekortet automatisk frå Skatteetaten.

Korleis søkjer du?

Før du søkjer om uføretrygd må det vere avklart om du har moglegheiter til å vere i arbeid. Difor er det viktig at du har kontakt med NAV før du søkjer om uføretrygd.

Du kan søkje om uføretrygd elektronisk i nettenesta Ditt NAV. Dersom du har budd i utlandet eller har barn under 18 år, må du sende inn søknaden i posten.

Tida det tar å behandla ein søknad, er blant anna avhengig av når NAV har motteke nødvendig dokumentasjon. Les meir om saksbehandlingstider i NAV.

Skal du flytte til utlandet?

Flytting til utlandet, kan ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. Dersom du flyttar til eit anna EØS-land, får du vanlegvis med deg uføretrygda frå folketrygda. Dette gjeld ikkje dersom du er flyktning. Dersom du mottek uføretrygd med rettar som ung ufør, kan det vere delar av uføretrygda du ikkje får med deg når du flyttar til eit anna EØS-land. Det er særskilde reglar også hvis du flyttar utanfor EØS. Les meir om opphald i utlandet under «Internasjonalt».

Meld frå om endringar

Dersom du har inntekt i tillegg til uføretrygd, må inntekta meldast inn til NAV. Du kan melde frå om kor mykje du forventar å tene ved å logge inn på Ditt NAV.

Det er fleire omstende som kan ha innverknad på uføretrygda di, blant anna endring i sivilstand og om du flyttar til utlandet.

I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.Du kan også sjekke utbetalinger i tenesten Dine utbetalinger.

Har du fleire spørsmål om uføretrygd?

Då kan du ringje NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33.