Uførepensjon ved flytting til eit land utenfor EØS-området og utan trygdeavtale med Noreg

Language

Folketrygdlova kan gi rett til pensjonsutbetaling i utlandet.

Beheld eg medlemskapen i folketrygda?

Dersom du flyttar til eit anna land, beheld du ikkje medlemskapen i folketrygda, men du kan søkje om frivillig medlemskap. Dette får du dersom du har budd minst 30 år i Noreg etter at du fylte 16 år, og dersom minst 10 av desse åra var rett før du flytta til utlandet.

Kan eg ta med uføretrygda?

Etter reglane i folketrygdlova kan du få med deg uføretrygda frå folketrygda dersom du har minst 20 års butid i Noreg mellom fylte 16 og 67 år. Dette gjeld same kva land du flyttar til.

Har du budd mindre enn 20 år i Noreg, blir berre år med pensjonsgivande inntekt over grunnbeløpet rekna som trygdetid når uføretrygda blir berekna.

For somme grupper er det avgrensa rett til å få utbetalt uføretrygd i utlandet. Dette gjeld for

  • flyktningar
  • personar som er unge uføre

Uføretrygd som er gitt etter unntaksreglane om medlemstid før uføretidspunktet, kan ikkje betalast ut dersom du flyttar frå Noreg.

Før du flyttar, kan NAV foreta ei vurdering av om du har rett til å ta med deg heile eller deler av uføretrygda di til utlandet. Dersom du ønskjer ei slik vurdering, må du skrive til oss og be om dette. Kontakt oss på 21 07 37 00 dersom du treng generell informasjon om fortsatt rett til ytelsar ved flytting til utlandet.

Plikter ved flytting

Når du flyttar til utlandet, må du