Tenestepensjon

Tenestepensjonar er pensjonsordningar som er tente opp i arbeidsforhold. Alle arbeidstakarar, både i offentleg og privat sektor, er omfatta av ei tenestepensjonsordning.

Tenestepensjonar i offentleg verksemd

Offentleg tenestepensjon er pensjonsordningar for tilsette i offentleg sektor og for nokre andre yrkesgrupper der det har vore behov for eigne lovregulerte pensjonsordningar. Offentleg tenestepensjon blir samordna med folketrygda.

Statens Pensjonskasse (SPK) administrerer pensjonsordninga for statstilsette og store delar av undervisnings- og forskingssektoren. SPK er regulert av lov om Statens Pensjonskasse, som også dannar regelgrunnlaget for dei kommunale pensjonsordningane som er regulerte gjennom tariffavtaler.

Nokre kommunar og fylke har eigne pensjonskasser, men dei fleste har vald å lata eit forsikringsselskap, for eksempel Kommunal Landspensjonskasse (KLP), administrere tenestepensjonsordninga.

Pensjonstrygda for sjømenn og pensjonstrygden for fiskarar er lovbestemte offentlege tenestepensjonsordningar som er tilpassa folketrygda.

Kvar enkelt ordning forvaltar pensjonsordninga sjølv. Pensjon frå SPK blir likevel utbetalt gjennom NAV.

Tenestepensjonar i privat verksemd

Obligatorisk tenestepensjon (OTP)

Den viktigaste ordninga for pensjon i privat sektor er obligatorisk tenestepensjon (OTP). Lov om obligatorisk tenestepensjon i private arbeidsforhold tok til å gjelde 1. januar 2006. Meir informasjon om obligatorisk tenestepensjon (OTP) finn du på regjeringen.no.