Stønad ved gravferd og båretransport

Gravferdsstønad kan ein gi når den avdøde var medlem av folketrygda.

Satsane er endra frå 1. januar 2016.

Gravferdsstønad

Gravferdsstønaden blir behovsprøvd. Det kan givast opptil 22 723 kroner til å dekkje faktiske og nødvendige utgifter til gravferda.

Når avdøde var over 18 år, blir gravferdsstønaden avkorta mot:
• formue
• tenestepensjon utbetalt for månaden etter dødsfallet
• forsikringssum og liknande som blir utbetalt som følgje av dødsfallet.

Når avdøde var under 18 år, blir det gitt ein uavkorta gravferdsstønad med opptil 22 723 kroner til å dekkje utgifter til gravferda.

Båretransport

Når eit medlem i folketrygda dør i Noreg og båra med avdøde må transporterast lengre enn 20 km, kan ein få dekka nødvendige utgifter til transport til næraste naturlege gravplass i høve til staden der avdøde budde. Det er ein eigendel på 2 272 kroner for båretransport.

Det gjeld særlege regler når dødsfallet skjer utanfor Noreg. Det er også særlege reglar når dødsfallet kjem av yrkesskade.

Det skal betalast ein eigendel også når avdøde er under 18 år.

Når må du søkje?

 

Fristen for å søkje er senast 6 månader frå dato for dødsfallet.

Korleis søkjer du?

Søknadsblanketten inneheld ei orientering og rettleiing. Det er viktig at du les dette før du fyller han ut.

Du søkjer på skjemaet "Krav om gravferdsstønad - NAV 07-02.08", som du finn under Skjema og søknad.

Når du har valgt rett skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.