Forsørgingstillegg

Alderspensjonistar som har fylt 67 år og uførepensjonistar som forsørgjer ektefelle og/eller barn under 18 år kan få behovsprøvd forsørgingstillegg.

Kven kan få forsørgingstillegg

Forsørgingstillegg er eit inntektsprøvd tillegg til pensjonen. Det blir ytt til pensjonsmottakarar som forsørgjer ektefelle og/eller barn, og som har ei samla inntekt under eit visst nivå. For å få rett til forsørgingstillegg må du ha fylt 67 år og motta 100 prosent alderspensjon.

Forsørgingstillegg blir inntektsprøvd mot inntekta til ektefellen/barnet og mot pensjonisten sin eiga inntekt.  Ektefellen kan ikkje motta eigen alderspensjon eller ha rett til 100 prosent alderspensjon. Barnetillegg for barn som bur saman med begge foreldra blir inntektsprøvd mot inntekta til begge foreldra.

Barnetillegg

  • Alderspensjonistar som har fylt 67 år og mottek 100 prosent pensjon kan få barnetillegg dersom barnet/barna dei forsørgjer ikkje har inntekt over grunnbeløpet.
  • Uførepensjonistar kan få barnetillegg dersom barnet/barna dei forsørgjer ikkje har inntekt over grunnbeløpet.
  • Sjølv om begge foreldra mottek pensjon, kan berre ein av dei få barnetillegg.
  • Barnetillegg blir ikkje gjeve til AFP-mottakarar.

Ektefelletillegg

  • Alderspensjonistar som har fylt 67 år og mottek 100 prosent pensjon kan få ektefelletillegg dersom ektefellen ikkje mottek pensjon frå folketrygda, ikkje har rett til 100 prosent alderspensjon frå folketrygda og ikkje har inntekt over grunnbeløpet. Det kan det heller ikkje gjevast ektefelletillegg dersom ektefellen mottek AFP i privat sektor som er gjeve før 1. januar 2011 eller AFP i offentleg sektor.
  • AFP-pensjonistar som mottek folketrygdbereka AFP, det vil seie AFP i offentleg sektor eller ”gamal AFP” i privat sektor, kan få ektefelletillegg etter same reglar som for alderspensjonistar, men berre dersom forsørga ektefelle er over 60 år.
  • Det kan også ytast ektefelletillegg for sambuarar dersom paret har felles barn eller tidlegare har vore gift.

Korleis søkjer du?

Forsørgingstillegg er ei behovsprøvd yting. Det er derfor viktig at dei opplysningane du gjev om inntektsforhold er så nøyaktige og korrekte som mogleg. Du kan raskare få svar dersom du skaffar den informasjonen NAV treng for å behandle søknaden.

Dokumentasjon som du bør leggje ved søknaden:

  • Dokumentasjon av eigne inntektsforhold
  • Dokumentasjon av inntektsforhold for ektefelle/sambuar
  • Dokumentasjon av inntektsforhold for barn

Forsørgingstillegg blir utbetalt samtidig med pensjonen kvar månad.

Kva kan du få?

For alderspensjonistar blir fullt ektefelletillegg/barnetillegg fastsett slik:

  • Fullt ektefelletillegg svarer til 25 prosent av minste pensjonsnivå med høg sats
  • Fullt barnetillegg svarer til 20 prosent av minste pensjonsnivå med høg sats for kvart barn

For uførepensjonistar blir fullt ektefelletillegg/barnetillegg fastsett slik:

  • Fullt ektefelletillegg svarer til 50 prosent av grunnbeløpet.
  • Fullt barnetillegg svarer til 40 prosent av grunnbeløpet for kvart barn.

For både alders- og uførepensjonistar gjeld dessutan følgjande:

  • Forsørgingstillegga reduserast med 50 prosent av inntekta utover eit fribeløp som blir fastsett for kvartkvert år.
  • Når einen person har rett til barnetillegg for barn som bur saman med begge foreldra, skal begge foreldra sineforeldras inntekter reknast med etter nærmare reglarregler.
  • Forsørgingstillegga vert også reduserte redusert dersom mottakaren har redusert trygdetid.

For personar som mottek AFP i privat sektor som er gitt før 1. januar 2011 eller AFP i offentleg sektor bereknast ektefelletillegget etter same reglar som for alderspensjonistar.

Når du flytter til utlandet

Dersom du framleis har rett til pensjon frå folketrygda etter flytting til eit anna land, kan du og ha rett til forsørgingstillegg.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalinger.