Din pensjon

Nettenesten Din pensjon gjev deg god oversikt over eigen pensjon. Her kan du blant anna sjå oppteninga di, berekne den framtidige alderspensjonen din (tidlegare kalla serviceberekning), søkje om pensjon elektronisk og få oversikt over utbetalingsdatoar.

Logg inn i Din pensjon

Kva kan eg gjere i Din pensjon?

  • Få oversikt over eiga pensjonsopptening i folketrygda, eventuell AFP , og den opptente tenestepensjonen din frå dei største offentlege og private leverandørane av tenestepensjon.
  • Berekne framtidig alderspensjon frå folketrygda (tidlegare kalla serviceberekning) – både etter dagens og gamalt regelverk for alderspensjon. Du kan også berekne AFP og tenestepensjon frå dei største offentlege og private leverandørane.
  • Leggje til eventuelle individuelle spareavtaler.
  • Lagre dei ulike berekningane og samanlikne desse.
  • Søkje om alderspensjon frå folketrygda elektronisk, og seinare søkje om endra uttaksgrad
  • Oppdatere pensjonsopplysningar og kontaktinformasjon.
  • Skrive til NAV dersom du har spørsmål om pensjon.
  • Laste ned førehandsutfylte søknadsskjema
  • Gje fullmakt til å lese informasjon, berekne pensjon og endre visse opplysningar.

Prøv forenkla pensjonskalkulator

Dersom du ikkje har moglegheit til å logge deg inn i Din pensjon kan du nytte ein forenkla pensjonskalkulator som gjer berekningar utan bruk av personlige data.

Kven kan bruke Din pensjon?

Er du fylt 18 år kan du gjere berekningar.

Krav til innlogging

ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på nett, og gjev tilgang til sjølvbetente tenester i NAV. Du kan logge inn med BankID, MinID, Buypass eller Commfides.

difi.no finn du informasjon om korleis du skaffar deg elektronisk ID.

Dersom du ikkje nyttar MinID kan du som eit alternativ logge inn med eindagspassord. Dette får du frå:

  • NAV Kontaktsenter Pensjon på telefon 55 55 33 34
  • eller ved møte opp på ditt lokale NAV-kontor

Merk: Får du eindagspassord over telefon, vil du av tryggings årsaker ikkje få tilgang til alle funksjonane i Din pensjon – blant anna moglegheita til å søkje om alderspensjon.