Barnepensjon

Barnepensjon vert gitt til barn som har mista ein eller begge foreldra. Pensjonen skal sikre barnet inntekt til livsopphald.

Kven kan få barnepensjon?

Barn kan ha rett til barnepensjon dersom det:

• er under 18 år og har mista ein eller begge foreldra
• er under 20 år, foreldrelaus og under utdanning
• er under 21 år, har mista ein eller begge foreldra, er under utdanning og forsørgjaren døde av yrkesskade

Den avdøde forelderen må ha vore medlem i folketrygda i dei siste tre åra fram til dødsfallet. Barnet må vere medlem i folketrygda.

Barnepensjon blir gitt uavhengig av om foreldra var gift, skilt eller sambuarar.

Ved dødsfall grunna yrkesskade eller yrkessjukdom kan ein få barnepensjon etter eigne reglar.

Kva kan du få?

Når ein av foreldra er død:
Det eldste barnet får 40 prosent av grunnbeløpet (G) og dei andre barna 25 prosent kvar. Den samla pensjonen blir delt likt mellom barna.

Når begge foreldra er døde:
Det eldste barnet får like stor pensjon som det den av foreldra med størst attlevandepensjon ville fått. Det neste barnet får 40 prosent av grunnbeløpet og dei andre barna 25 prosent kvar. Den samla pensjonen blir delt likt mellom barna.

Pensjonen blir redusert dersom avdøde si trygdetid var kortare enn 40 år.

Dersom den avdøde har opptening i eit land Noreg har trygdeavtale med, kan barna ha rett til pensjon frå dette landet også.

Pensjonen blir utbetalt til og med den månaden då barnet fyller 18, 20 år og 21 år, dersom vilkåra for ytinga er oppfylt.

Korleis søkjer du?

Dersom barnet er under 18 år er det verjen som må setje fram krav om barnepensjon. Du finn skjemaa under "Skjema og søknad".

Dei fleste søknadene blir avgjort innan ein månad.

Andre ordningar som kan vere aktuelle

Mange arbeidstakarar har ei tenestepensjonsordning. Ein del av desse ordningane yter pensjon til etterlatne barn. For å få nærare informasjon bør du vende deg til den siste arbeidsgivaren den avdøde hadde, dersom avdøde var i arbeid fram til dødsfallet.

Nedanfor finn du lenkjer til nokre offentlege ordningar som kan vere aktuelle:

Statens Pensjonskasse
KLP forsikring

Når du skal til utlandet

Først må du sjekke om du framleis vil vere medlem av folketrygda.

For personar som kjem til Noreg

Barnepensjon kan berre ytast dersom avdøde var medlem  av folketrygda dei siste tre åra før dødsfallet og du sjølv i tillegg fyller krava til å ta imot stønaden.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV. 

Skattetrekk i barnepensjon: Barnepensjon for barn frå 13 til og med 16 år reknast som kapitalinntekt og det er foreldra som blir likna for denne inntekta. Barnepensjon er skattepliktig, men det blir ikkje trekt forskotsskatt med mindre du som forelder ber om trekk i barnepensjonen. Det kan du gjere ved anten

  • å be Skatteetaten om å få nytt skattekort med høgare trekk
  • eller be NAV leggje inn eit frivillig trekk i barnepensjonen

Dersom du er over 17 år og mottar barnepensjon, og ønskjer å betale skatt av inntekta, må du sende skriftleg melding til NAV om frivillig skattetrekk.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.