Ytingar til attlevande

Attlevandepensjon og overgangsstønad til attlevande er ytingar som skal bidra til å sikre ektefelle/sambuar inntekt til livsopphold etter dødsfall.

Regelverket for stønadar til attlevande ektefelle/partner som jobbar, er reell arbeidssøker, går på skule eller studerer blei endra 1. januar 2016.

Kven kan få attlevandepensjon eller overgangsstønad til attlevande?

Det er varighet på ekteskapet og om det er barn involvert som avgjer om du har rett til anten attlevandepensjon eller overgangsstønad til attlevande ektefelle/partner/registrert sambuar.

Attlevande partnar er likestilt med attlevande ektefelle.

Avdøde må som hovudregel ha vore medlem i folketrygda dei siste 3 årene fram til dødsfallet. Du kan ha rett til attlevandepensjon, dersom:

  • de var gift på tidspunktet for dødsfallet og ekteskapet har vara i minst 5 år.
  • de var gift på tidspunktet for dødsfallet og de har/har hatt felles barn.
  • de var sambuarar på tidspunktet for dødsfallet og har/har hatt felles barn. 
  • de var sambuarar i meir enn 5 år på tidspunktet for dødsfallet og var tidligare gift med kvarandre.
  • du var skilt frå avdøde og ikkje har gifta deg på nytt. Då får du som hovudregel attlevandepensjon dersom din fråskilte ektefelle dør innan 5 år etter skilsmissen og ekteskapet vara i minst 25 år, eller minst 15 år dersom de har barn saman.
  • de var tidligare sambuarar      i minst 15 år og har/har hatt felles barn, og det er mindre enn 5 år sidan      de flytta frå kvarandre. Talet på år de var sambuarar blir rekna frå      barnet dykkar blei fødd.       
         

Dersom ekteskapet har vara i mindre enn 5 år og de ikkje har/har hatt felles barn, kan du ha rett til overgangsstønad til attlevande ektefelle/partner dersom:   

  • du er i en omstillingstid som følgje      av dødsfallet
  • du tar utdanning som vil betre moglegheitene      til å komme i arbeid. Utdanninga må være byrja på innan 2 år etter      dødsfallet.
  • du har den daglege omsorga for barna/barnet til avdøde (særkullsbarn). Det er ein føresetnad      at omsorga starta før dødsfallet og har fortsatt utan opphald.

Ved dødsfall grunna yrkesskade eller yrkessjukdom kan ein få pensjon til attlevande etter eigne reglar.

Attlevande barn kan ha rett til barnepensjon.

Kva kan du få?

Attlevandepensjon består av grunnpensjon, tilleggspensjon og/eller særskilt tillegg. Det same gjeld for overgangsstønad til attlevande. Grunnpensjonen blir redusert dersom du får deg ny sambuar.

Tilleggspensjon blir rekna ut frå din avdøde ektefelle/sambuars tidligare arbeidsinntekt og kor mange år han/hun har hatt arbeidsinntekt. Tilleggspensjonen utgjer 55 prosent av tilleggspensjonen avdøde ville fått dersom han/hun hadde hatt rett til uførepensjon eller alderspensjon på tidspunktet for dødsfallet. 

Dersom avdøde har hatt opptening i eit land Noreg har trygdeavtale med, kan du ha rett til pensjon også frå dette landet.

Les meir om regelverket for utrekning av pensjon.

Attlevandepensjon og overgangsstønad til attlevande blir redusert dersom du har, eller kan forventar å ha, eigen arbeidsinntekt.

Er arbeidsinntekta høgare enn halvparten av grunnbeløpet i folketrygda, skal 40 prosent av det overskytande gå til frådrag i ytinga. Kva du eventuelt få utbetalt, vil dermed vere avhengig av både din og inntekta til avdøde.

Sjå døme på utrekning.

Som hovudregel er det forventa at du opprettheld tidligare inntektsnivå, og det er forventa at du tener minimum 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda.

Du kan få unntak frå kravet om arbeidsinntekt dersom du har vore utan arbeid i lengre tid før dødsfallet og du hadde fylt 55 år da dødsfallet skjedde. Dersom du budde saman med avdøde på tidspunktet for dødsfallet, blir det første året rekna som en omstillingstid og det blir ikkje stilt krav om at du har arbeidsinntekt.

Kor lenge kan du få attlevandepensjon eller overgangsstønad til attlevande?

Attlevandepensjon fell bort dersom du gifter deg igjen eller får barn med ein ny sambuar.

Attlevandepensjon kan ikkje bli kombinert med AFP i offentleg sektor. Attlevandepensjon kan i visse tilfelle bli kombinert med AFP i privat sektor med uttak etter 1.1.2011.

Attlevandepensjonen fell bort når du fyller 67 år eller dersom du tar ut alderspensjon før fylte 67 år. Som alderspensjonist kan du få rekna ein attlevandefordel i pensjonen din. Dersom du får rett til uføretrygd, fell også pensjonen bort. Du kan då velje om du vil halde pensjonen eller få uføretrygd, då med attlevandefordel.

Perioden med overgangsstønad til attlevande er avhengig av ekteskapets varighet og om det er barn involvert.

  • Dersom ekteskapet har vara i meir enn 12 månadar, er hovudregelen at du i ei omstillingstid kan få overgangsstønad til attlevande i inntil 12 månadar.  
  • Dersom ekteskapet har vara i mindre enn 12 månadar, er hovudregelen at du i ei omstillingstid kan få overgangsstønad til attlevande i inntil 6 månadar.
  • Dersom de var gift i mindre enn 5 år og du har den daglige omsorga for den barnet/barna til den avdøde      (særkullsbarn), kan du ha rett til overgangsstønad til attlevande til og med den månaden barnet fyller 18 år.      Det er ein føresetnad at omsorga starta før dødsfallet og har heldt fram utan opphald. Dersom ekteskapet og den daglege omsorga til samen har vara i over 5 år, kan du ha rett til attlevandepensjon.

Andre stønader

Dersom du har barn, jobbar, er reell arbeidssøker, går på skule eller studerer, kan du også ha rett til andre stønader:

Mange arbeidstakarar er knytt en tenestepensjonsordning. Ein del av ordningane yt pensjon til etterlatne, ofte etter litt andre vilkår enn de folketrygdlova stiller. For nærare informasjon bør du kontakte den siste arbeidsgivaren til avdøde, dersom avdøde var i arbeid fram til dødsfallet.

Nedanfor finner du lenke til noen offentlege ordningar som kan vere aktuelle:

For personer som kjem til Noreg

Du må som hovudregel vere medlem i folketrygda for å ha rett til attlevandepensjon eller overgangsstønad til attlevande.

Korleis søkjer du?

Du søkjer på skjema for attlevandepensjon som du finn under «Skjema og søknad».

Skjemaet inneheld ei orientering og rettleiing. Det er viktig at du les dette før du fyller ut. På skjemaa finn du òg informasjon om kva vedlegg/dokumentasjon du må legge ved søknaden. Ønskjer du rettleiing eller hjelp med utfylling, kan du kontakte NAV på telefonnummer 55 55 33 34.

Søknadene blir sendt til NAV Familie- og pensjonsytelser, Postboks 6600 Etterstad, 0607 Oslo.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt eller jobbsituasjon, gifter deg, får ny sambuar eller planlegg flytting til utlandet, kan det ha innverknad for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du difor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk. Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalingar.