Attlevande ektefelle og alderspensjon

Mistar du ektefelle, sambuar eller partnar, kan du ha rett på eit tillegg i alderspensjonen din.

Som attlevande ektefelle, registrert partnar eller sambuar kan du ha rett til høgare alderspensjon enn den du har tent opp sjølv. Er du attlevande sambuar, har du berre rett til dette dersom du har eller har hatt barn med avdød sambuar, eller tidlegare har vore gift med avdød sambuar.

For å få alderspensjon med rettar som attlevande må du oppfylle dei same vilkåra som for attlevandepensjon.

Får du alderspensjon

Har du alderspensjon når ektefelle, partnar eller sambuar døyr, kan du ha rett til høgare alderspensjon ved at oppteninga til den avdøde blir teken med i berekninga. Du får tilsendt eit skjema slik at du kan søkje om dette. NAV vil uansett følgje opp saka di og behandle attlevanderett sjølv om vi ikkje får ein søknad frå deg. Manglar vi opplysningar, ber vi deg om å sende dei til oss.

Dersom vilkåra for attlevanderett er oppfylte, gjer vi ei berekning ut frå både di eiga pensjonsopptening og pensjonsoppteninga til den avdøde. Du får det som er høgast av din eigen opptente pensjon eller ein kombinasjon av oppteninga di og oppteninga til den avdøde.

Den samla alderspensjonen med rettar etter avdøde blir berekna ut frå same levealdersjusteringa og reguleringa som pensjonen din før dødsfallet.

Er du under 67 år, kan du ikkje få attlevandepensjon dersom du allereie får alderspensjon. Dette gjeld også om du får gradert alderspensjon. Dersom du før dødsfallet har sett uttaksgraden for alderspensjon til 0, kan du likevel ha rett til attlevandepensjon.

Får du attlevandepensjon og vurderer å søkje alderspensjon?

Får du pensjon som attlevande ektefelle, vil pensjonen ta slutt når du fyller 67 år. Har du tilstrekkeleg opptening, kan du likevel velje å ta ut alderspensjon før du er 67 år. Du må i så fall seie frå deg attlevandepensjonen din. Alderspensjonen blir då berekna med rettar etter avdøde. Ver merksam på at du ikkje kan få tilbake attlevandepensjonen når du først har valt å ta ut alderspensjon.

Det er berre di eiga pensjonsopptening som er med i vurderinga av om du oppfyller vilkåra for å kunne ta ut alderspensjon før du fyller 67 år. Oppfyller du vilkåra, blir også attlevanderetten berekna med same levealdersjusteringa som den eigenopptente alderspensjonen din.

Er du attlevande ektefelle og vil søkje attlevandepensjon eller alderspensjon?

Dersom du er under 67 år og ikkje har attlevandepensjon, kan du velje mellom alderspensjon eller attlevandepensjon. Dersom du vel alderspensjon, kan du få pensjonen berekna med rettar etter avdøde. Før du vel, må du setje deg inn i kva som vil lønne seg for deg. Ver merksam på at du ikkje kan få attlevandepensjon dersom du først har valt å ta ut alderspensjon. Du kan kontakte NAV kontaktsenter på 55 55 33 34 for å få meir informasjon.

Søkjer du om alderspensjon etter 67 år, vurderer vi om du kan få opptening etter avdøde rekna med i alderspensjonen din.