Når lønner det seg å ta ut alderspensjon?
Mange undervurderer konsekvensane av å ta ut alderspensjonen tidleg. Du kan risikere å tape pengar dersom du byrjar å ta ut pensjon som 62-åring. Du bør derfor velje ut frå kunnskap. Tenesta Din pensjon hjelper deg å velje rett.
Mange er usikre på om dei skal vente med å ta ut alderspensjon til dei sluttar i arbeid, eller om dei skal kombinere pensjon og arbeid. Det er fleire forhold som får noko å seie for kva som lønner seg reint økonomisk. Å kombinere full jobb med pensjon kan gi høg samla inntekt og dermed høgt skattenivå. I tillegg til skattereglar spelar også levealder, utviklinga i rentenivået og generell lønnsvekst ei rolle.
Når lønner det seg å ta ut alderspensjon?
Korleis ulike forhold slår ut, er individuelt, men ein analyse (PDF) NAV har gjennomført, gir nokre vurderingar:
Kvinner har høgare forventa levealder enn menn, og analysen viser at det reint økonomisk kan lønne seg for dei fleste kvinner å vente med å ta ut alderspensjon til dei sluttar i arbeid.
For menn varierer resultata av analysen meir. For menn med gjennomsnittleg levealder eller lenger lønner det seg oftast å vente med uttaket. Årsaka er at alderspensjonen blir berekna ut frå historiske tal for kva levealderen har vore dei siste ti åra. Dersom levealderen held fram med å auke, kan også menn rekne med å leve i gjennomsnitt litt lenger enn det som er lagt til grunn når alderspensjonen blir berekna.
Skattereglane drar i ulike retningar. Særleg viktig er trinnskatten, som gjer at mange får høg marginalskatt når dei tek ut alderspensjon på toppen av arbeidsinntekta. Du får lågare skatt på pensjonen dersom du ventar med å ta ut pensjon til du sluttar i arbeid. På den andre sida finst det eit eige skattefrådrag for alle som får alderspensjon. Tek du ut alderspensjonen tidleg, kan du få dette frådraget over fleire år. Kor høg trinnskatten blir, er individuelt, og det er derfor vanskeleg å gi generelle råd. Forholdet mellom trinnskatten og frådraget påverkar kor lønnsamt det er å ta ut alderspensjon tidleg.
Om du tek ut alderspensjon tidleg og sparer pengane eller betaler ned lån, er avkastninga avhengig av rentenivået. Dersom du ventar med uttaket, blir pensjonsrettane dine justerte årleg med gjennomsnittleg lønnsvekst. Dersom lønnsveksten er høgare enn rentenivået, taler det for å vente med å ta ut alderspensjon.
Det kan vere andre grunnar enn dei reint økonomiske som gjer at du kan ønskje å ta ut alderspensjonen tidleg. Om du ønskjer å ha pengane tilgjengelege på kort sikt og ikkje har tenkt å spare alderspensjonen, kan det sjølvsagt tale for å ta ut pensjonen tidleg. Det gir deg større fleksibilitet. Tidleg uttak kan også vere ein fordel om du har mykje gjeld med lite gunstige rentevilkår som du kan betale tilbake.
Din pensjon hjelper deg til å ta eit informert val
Det er vanskeleg å gi eit nøyaktig svar på korleis dei ulike forholda vi har nemnt slår ut for deg, og for mange har det ikkje så mykje å seie økonomisk kva dei vel. Du kjem langt på veg ved å bruke Din pensjon, der du kan sjå korleis ulike val av uttaksalder slår ut på pensjonen din. Dersom du ønskjer å sjå nærare på korleis skatten din blir påverka av ulike val, kan du også bruke skattekalkulatoren på skatteetaten.no eller kontakte Skatteetaten.
Uttak frå 62 år kan ofte gi deg 25–30 prosent lågare årleg alderspensjon resten av livet samanlikna med om du ventar til du er 67. Ver også klar over at alderspensjonen din blir regulert årleg med gjennomsnittet av pris- og lønnsvekst. Det gir som oftast noko svakare regulering enn om du ventar med uttaket, ettersom pensjonsoppteninga di då vert regulert årleg med lønnsvekst. Ved tidleg uttak får dette verknad i fleire år.
Om du er gift eller sambuar, hugs å ta høgde for at pensjonen din, saman med eventuell sparing og andre inntekter, også skal rekke til om du blir einsleg.
Ei spørjeundersøking frå NAV viser at fire av ti personar undervurderer konsekvensane av å ta ut alderspensjonen tidleg. Set deg derfor godt inn i korleis dei ulike vala slår ut for deg – Din pensjon hjelper deg til å ta eit meir informert val.