Garantipensjon

Garantipensjon er ein garantert minste alderspensjonsyting frå folketrygda som gis til dei som har lav eller inga opptening til inntektspensjon.

Du som er fødd i 1954 eller seinare, kan få garantipensjon. (For deg som er fødd mellom 1954 og 1962, blir det minste pensjonsnivået gradvis erstatta med omgrepet garantipensjon).

Kven kan få garantipensjon?

Du må ha minst tre år trygdetid for å ha rett til garantipensjon. Full garantipensjon får du dersom du har 40 år trygdetid eller meir. Dersom trygdetida er kortare, blir garantipensjonen redusert tilsvarande.

Har du opparbeidd deg rett til inntektspensjon, blir garantipensjonen avkorta med delar av inntektspensjonen. Garantipensjonen blir avkorta med 80 prosent av opptent pensjonsbehaldning. Pensjonsbehaldninga er grunnlaget for inntektspensjon.

Vilkåret for å ta ut alderspensjon før du er fylt 67 år, er at du må ha tent opp ein pensjon som minst svarer til garantipensjonsnivået ditt ved 67 år. For at vi skal kunne vurdere retten til uttak før 67 år, blir berekna pensjon og garantipensjonsnivå framskrivne til 67 år.

Flyktningar som er medlemmer i folketrygda, har rett til garantipensjon utan omsyn til reglane om trygdetid.

Kva kan du få?

Sjå under satsar

Storleiken på garantipensjonen du har rett til, er avhengig av sivilstatusen din. Dersom du er gift eller sambuar, avheng garantipensjonsnivået ditt også av inntekta og pensjonen til ektefellen eller sambuaren din.

Du har rett til garantipensjon etter ordinær sats dersom du lever saman med ein ektefelle, partnar eller sambuar som får:

  • uføretrygd, alderspensjon, avtalefesta pensjon i offentleg sektor eller gammal avtalefesta pensjon i privat sektor
  • har ei årleg inntekt, inkludert kapitalinntekt, som er større enn to gonger grunnbeløpet.

Du blir rekna som sambuar dersom du og sambuaren din har budd saman i 12 av dei siste 18 månadene. Om du har felles barn med sambuar eller sambuar som du tidlegare har vore gift med, gjeld same reglane som for ektefellar.

Du har rett til garantipensjon etter høg sats dersom du er einsleg, eller dersom du er gift/sambuar og ikkje er omfatta av reglane ovanfor (gjeld dersom ektefellen din eller sambuaren din har inntekt under to gonger grunnbeløpet og ikkje får nokon av pensjonsordningane som er nemnde ovanfor).

Satsane for garantipensjon blir fastsette i samband med den årlege reguleringa av alderspensjonar. Første gongen satsane for garantipensjon blir fastsette, er 1. januar 2016.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon eller jobbsituasjon, eller dersom du planlegg eit opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Du får vanlegvis pengane på konto den 20. kvar månad, sjå nærare utbetalingsinformasjon. Somme stønader har tidlegare utbetaling i desember.

Du kan også sjekke utbetalingane dine i tenesta Dine utbetalingar.