Berekning av uføretrygd

Uføretrygda er 66 prosent av gjennomsnittsinntekta di i dei 3 beste av dei 5 siste åra før du blei ufør. Tidlegare års inntekt blir justert opp til dagens verdi.

Det er berre årleg inntekt opptil 6 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) som blir teke med i berekninga.

Omsorgsstønad er rekna som inntekt. Det same gjeld fosterheimsgodtgjersle.

Andre omstende som verkar inn på berekninga

  • Er du uføretrygda på grunn av yrkesskade eller yrkessjukdom, blir uføretrygda berekna etter eigne reglar dersom dette alternativet gir deg ei høgare uføretrygd.

  • Uføretrygda blir justert for trygdetid, som er den tida du har vore medlem i folketrygda. Ein skil mellom faktisk og framtidig trygdetid. Faktisk trygdetid er perioden frå du fylde 16 år, fram til uførheten fann stad. I tillegg blir det berekna ein framtidig trygdetid for perioden frå uførleiken fann stad (uføretidspunktet) og fram til og med det året du fyller 66 år. Full trygdetid er 40 år. Dersom du har bodd heile livet i Noreg, har dufull trygdetid.

Du er sikra ei misteyting

Du er sikra ei minste årleg uføretrygd dersom dét gjer deg ein høgare utbetaling enn det du sjølv har tent opp i uføretrygd. Storleiken på minsteytinga avheng av om du er einsleg eller bur saman med ektefelle eller sambuar.

  • Dersom du bur saman med ektefelle eller sambuar, er du sikra ein årlig uføretrygdpå 2,28 gonger grunnbeløpet i folketrygda.
  • Dersom du saman med ektefelle eller samboer og mottar ei uføretrygd som er omrekna frå uførepensjon, er du fra 1. september 2016 sikra ei årlig uføretrygd på 2,33 ganger grunnbeløpet i folketrygda.
  • Er du einsleg, er den årlege ytinga 2,48 gonger grunnbeløpet i folketrygda.

Dersom du får minsteyting og sivilstanden din endrar seg, må du melde frå om dette til NAV.

Minsteyting for unge uføre

For dei som får innvilga rett som ung ufør, blir uføretrygda berekna etter eigne reglar dersom dét gir ei høgare uføretrygd.

Får du minsteyting som ung ufør og sivilstanden din endrar seg, må du melde frå om dette til NAV.