Barnetillegg til uføretrygd

Du kan ha rett til barnetillegg dersom du er uføretrygda og forsørgjer eigne barn eller fosterbarn som er under 18 år.

Du kan tidlgast få barnetillegg frå månaden etter at barnet er født. Barnetillegget tek slutt seinast frå og med månaden etter at barnet har fylt 18 år.

Du kan få barnetillegg på inntil 0,4 G (folketrygdas grunnbeløp) for kvart barn.

Dersom uføretrygd og barnetillegg overstig 95 prosent av det som var inntekta di før du blei sjuk, blir barnetillegget redusert (gjeld frå 1. januar 2016). Hvis du har fått innvilga barnetillegg før 1. januar 2016, er det overgangsreglar som gjeld for deg.

Trygdetida di har òg innverknad for barnetillegget. Har du ikkje full trygdetid vil barnetillegget bli redusert ut frå trygdetida di. Les meir om trygdetid i berekning av uføretygd.

Ver merksam på at dersom eit barn har eige årleg inntekt over 1 G, blir barnet rekna som sjølvforsørgja. Då har du ikkje rett til barnetillegg for dette barnet. Både lønn (pensjonsgivande inntekt) og renter/avkastning (kapitalinntekt)blir rekna som inntekt for barnet. Du har plikt til å melde frå om dette.

Samla inntekt i familien påverkar barnetillegget

Barnetillegget er behovsprøvd. Det vil seie at dersom den samla inntekta i familien overstig eit bestemd beløp, blir størrelsen på barnetillegget redusert eller det fell heilt bort.

«Inntekt» er i denne samanhengen lønn, uføretrygd og pensjon (sjå skattelova § 12-2 om personinntekt).

Grensa for kva du kan tene før barnetillegget blir redusert, blir kalla fribeløp. Barnetillegget blir redusert med 50 prosent av den inntekta som er over fribeløpet. Dersom inntekta er til dømes 30 000 kroner høgare enn fribeløpet, blir barnetillegget redusert med 15 000 kroner i året.

Når barnet bur saman med begge foreldra:

Barnetillegget blir redusert når den samla inntekta til begge foreldra er høgare enn fribeløpet på 4,6 G (folketrygdas grunnbeløp). Fribeløpet aukar med 0,4 G for kvart ekstra barn.

Når barnet bur saman med den eine forelderen:

Barnetillegget blir redusert når inntekta di er høgare enn fribeløpet på 3,1 G (folketrygdas grunnbeløp). Fribeløpet aukar med 0,4 G for kvart ekstra barn. Det er berre di inntekt som har betyding for barnetillegget.

Barnetillegget blir redusert når inntekta di er høgare enn fribeløpet på 3,1 G (folketrygdens grunnbeløp). Fribeløpet øker med 0,4 G for hvert ekstra barn. Det er kun din inntekt som har betydning for barnetillegget.

Dersom du ikkje har opparbeidd deg full trygdetid, blir fribeløpa lågare.

Korleis søkjer du?

Du søkjer skriftleg om barnetillegg til uføretrygd på skjemaet 12-15.01. Du finn det under «Skjema».

Meld frå om endringer

Dersom inntekta di endrar seg eller du endrar sivilstand, må du straks melde frå til NAV. Du kan enkelt melde frå om endringar i inntekta di når du logger deg inn på Ditt NAV.

Etteroppgjer

Når skatteoppgjeret er klart, gjer NAV eit etteroppgjer. Har du fått utbetalt for lite barnetillegg, vil vi utbetale dette beløpet til deg. Dersom du har fått utbetalt for mykje barnetillegg, må du betale dette tilbake. Det første etteroppgjeret for barnetillegget vil bli gjort hausten 2017 og vil gjelde for inntektsåret 2016.

Les meir om etteroppgjer og uføretrygd.

Utbetaling

Barnetillegget blir utbetalt saman med uføretrygda. Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk. Du kan sjekke utbetalingsdatoar i tenesta Dine utbetalinger.