Slik søkjer du om alderspensjon

Language

Du bør søkje om alderspensjon frå folketrygda tre månader før det tidspunktet du ønskjer at utbetalinga skal starte. Dette gjeld òg når du skal endre uttaksgrada.

Når bør du søkje, og korleis søkjer du?

Alderspensjon frå folketrygda blir tidlegast betalt ut frå månaden etter at vi har fått søknaden din. Du kan ikkje søkje tilbake i tid. Søkjer du i Din pensjon, får du svar på få minutt. Dersom vi ikkje får behandla søknaden, får du beskjed om det. Søknaden blir då automatisk send til ein saksbehandlar for manuell behandling.

Dersom du allereie får alderspensjon kan du stoppe eller endre uttaksgrada når du sjølv ønskjer det. Pensjonsgrada kan endrast eller oppdaterast når det har gått eitt år frå uttakstidspunktet. Dersom du ønskjer å gjere andre endringar, må det gå eitt år mellom kvar endring. Du kan når som helst ta ut heil pensjon (100 prosent), eller stoppe pensjonen (0 prosent). Dersom det er tatt ut heil alderspensjon, eller pensjonen er sett til 0 prosent må det gå eitt år før ein kan endre til ein gradert pensjon.

Søkje alderspensjon Endre uttaksgrad 

Du kan også søkje om pensjon på papirblankett. Behandlinga av søknader på papir kan ta litt lengre tid.

Har du uføretrygd frå NAV?

Har du 100 prosent uføretrygd, får du automatisk 100 prosent alderspensjon når du fyller 67 år.

Har du gradert uføretrygd når du fyller 67 år, får du automatisk ein alderspensjon med næraste uttaksgrad på 20, 40, 50, 60, 80 eller 100 prosent.

Tre månader før du fyller 67 år, får du eit brev om at uføretrygda di blir rekna om til alderspensjon. Månaden du fyller 67 år, får du eit vedtaksbrev der vi fortel om korleis alderspensjonen din er berekna.

Ønskjer du ein annan uttaksgrad, må du søkje om dette.

Er du over 62 år og har rett til å ta ut alderspensjon, kan du kombinere alderspensjonen med uføretrygd. Ver merksam på at den samla graden av uføretrygd og alderspensjon ikkje kan vere over 100 prosent.

For å ha rett til avtalefesta pensjon i privat sektor, kan du ikkje ha fått uføretrygd frå folketrygda etter fylte 62 år.

Har du attlevandepensjon frå NAV?

Har du attlevandepensjon som ikkje er redusert på grunn av arbeidsinntekt, får du automatisk 100 prosent alderspensjon med attlevanderett.

Tre månader før du fyller 67 år, får du eit brev om at attlevandepensjonen din blir rekna om til alderspensjon. Månaden du fyller 67 år, får du eit vedtaksbrev der vi fortel korleis pensjonen din er berekna.

Er attlevandepensjonen redusert fordi du har arbeidsinntekt, må du sjølv søkje om alderspensjon. Du får eit eige informasjonsbrev om dette tre månader før du fyller 67 år.

Du kan ta ut alderspensjon før du fyller 67 år dersom du oppfyller vilkåra. Du kan ikkje få alderspensjon og attlevandepensjon samtidig. Dersom du vel å ta ut alderspensjonen, kan han bli rekna ut med rettar etter avdøde. Det er viktig at du set deg inn i regelverket for kva som gjeld for deg, og kva konsekvensar valet får for økonomien din.

Har du AFP frå offentleg tenestepensjonsordning?

Du må søkje om alderspensjon for at pensjonsutbetalinga skal halde fram etter at du har fylt 67 år. AFP blir utbetalt til og med den månaden du fyller 67 år.

Du kan tidlegast søkje 3 månadar før du blir 67 år, og seinast den månaden du blir 67 år, dersom du ønskjer alderspensjon når AFP sluttar.

Dersom du tidlegare har fått alderspensjon frå folketrygda, må du endre uttaksgrad på alderspensjon for å setje i gang utbetalinga igjen. Sjå under Søk pensjon eller Endre uttaksgrad lengst opp på denne sida.

Har du fleire spørsmål?

Ta kontakt med NAV på 55 55 33 34 for å få hjelp i søknadsprosessen eller med å berekne alternativa.