Regulering av alderspensjon og AFP

Language

Medan du tener opp pensjon, blir pensjonsrettane regulerte éin gong i året i takt med lønsveksten i samfunnet. Når du tek ut alderspensjon, blir pensjonen regulert éin gong i året i takt med lønsvekst, og deretter blir pensjonen redusert med 0,75 prosent.

Regulering av alderspensjon og AFP

Alderspensjon under opptening blir regulert i takt med den gjennomsnittlege lønsveksten i samfunnet.

  • Er du fødd før 1954, tener du opp alderspensjon i form av pensjonspoeng. Verdien av pensjonspoenga avheng av storleiken på grunnbeløpet i folketrygda, og grunnbeløpet blir regulert éin gong i året i takt med lønsveksten i samfunnet.

  • Er du fødd i 1963 eller seinare, tener du opp pensjon i form av ei pensjonsbehaldning. Denne pensjonsbehaldninga blir regulert éin gong i takt med lønsveksten i samfunnet. Dersom lønsveksten er 3 prosent, blir eit beløp tilsvarande 3 prosent av pensjonsbehaldninga lagt til pensjonsbehaldninga di.
  • Er du fødd i perioden 1954-1962, tener du opp alderspensjon etter ein kombinasjon av desse to prinsippa.

I nettenesta Din pensjon på nav.no kan du sjå korleis pensjonsbehaldninga di har blitt regulert.

Regulering av alderspensjon under utbetaling

Alderspensjon under utbetaling blir regulert kvart år med den gjennomsnittlege lønsveksten i samfunnet, deretter blir pensjonen redusert med 0,75 prosent. Over tid er det venta at dette gjev ei regulering som svarar til eit gjennomsnitt av løns- og prisstiginga.

Døme:

Gå ut frå at alderspensjonen før reguleringstidspunktet er 250 000 kr og at lønsveksten er 3 prosent. Etter reguleringa blir alderspensjonen 255 569 kr. Dette reknar du ut ved å:

  • leggje til lønsveksten: 250 000 kr x 1,03 = 257 500 kr

  • trekkje frå 0,75 prosent: 257 500 kr x (1-0,0075) = 255 569 kr

Regulering av minste pensjonsnivå og garantipensjon

Personar med låg eller inga pensjonsopptening er sikra ein alderspensjon tilsvarande minste pensjonsnivå. Satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon blir regulert med lønsveksten justert for endring i venta levealder, men aldri dårlegare enn hovudregelen for regulering av alderspensjon under utbetaling. Det betyr at minste pensjonsnivå og garantipensjonen stort sett blir regulert litt høgare, men aldri lågare enn annan alderspensjon.

Justeringa for endring i venta levealder blir rekna ut frå endringa i høvestala ved 67 år. I perioden 2011-2017 blir minste pensjonsnivå regulert om lag 0,5 prosentpoeng lågare enn gjennomsnittleg lønsvekst.

Fordi satsane for garantipensjon og minste pensjonsnivå blir regulert litt høgare enn annan pensjon, vil personar som i utgangspunktet mottek pensjon over minstenivået over tid kunne falle under dette nivået. I slike tilfelle vil det bli lagt til eit minstenivåtillegg som sikrar at utbetalt alderspensjon aldri blir lågare enn minste pensjonsnivå eller garantipensjonsnivå.

Gradert uttak og regulering av alderspensjon

Gradert uttak av alderspensjon betyr at du berre har teke ut delar av pensjonen din, til dømes 20 prosent alderspensjon. Har du gradert uttak, vil den delen av pensjonen du har teke ut, bli regulert som annan pensjon under utbetaling. Det vil seie at den blir regulert med lønsveksten, og at pensjonen deretter blir redusert med 0,75 prosent. Den delen av pensjonsoppteninga du ikkje har teke ut, blir regulert med lønsveksten.

Fordi det er forskjellig regulering av pensjon under opptening og pensjon under utbetaling, vil den fyrste reguleringa etter at du har starta uttak av pensjon bli justert for uttaksmånaden. Tilsvarande justering blir gjort ved den fyrste reguleringa etter at du har endra uttaksgrad.    

Regulering av avtalefesta pensjon (AFP)

AFP i offentleg sektor og AFP i privat sektor teke ut før 1.januar 2011 blir regulert på same måten som alderspensjon frå folketrygda. Det vil seie at han blir regulert i takt med lønsveksten, og at pensjonen deretter blir redusert med 0,75 prosent. AFP-tillegget blir ikkje regulert.

Ny AFP i privat sektor er sett saman av ein livsvarig del og eit kronetillegg. Personar som er fødde i perioden 1944 til 1962 får dessutan utbetalt eit kompensasjonstillegg som ei overgangsordning til dei nye reglane.

Fram til du startar uttak av AFP blir oppteninga di regulert i takt med lønsveksten, på same måte som opptening av alderspensjon frå folketrygda. Dette gjeld også kompensasjonstillegget.

Etter at du har teke ut AFP, blir den livsvarige delen av pensjonen regulert med lønsveksten, og pensjonen blir deretter redusert med 0,75 prosent. Kronetillegget og kompensasjonstillegget blir ikkje regulert.