Minste pensjonsnivå (tidlegare kalla minstepensjon)

Minste pensjonsnivå er ei garantert minste alderspensjonsyting frå folketrygda.

Minste pensjonsnivå erstatta frå og med 1.1.2011 omgrepet minstepensjon for alderspensjonistar. Dette gjeld også for deg som tok ut alderspensjon før 2011. (For deg fødd i 1954-1962 vil minste pensjonsnivå gradvis erstattast med omgrepet garantipensjon). 

Kven kan få minste pensjonsnivå?

Du må ta ut 100 prosent alderspensjon og ha minst tre års trygdetid for å ha rett til minste pensjonsnivå. Fullt minste pensjonsnivå får du dersom du har 40 års trygdetid eller meir. Dersom trygdetida er kortare, blir minste pensjonsnivå tilsvarande redusert. Vilkåret for å ta ut alderspensjon før 67 år er at du må ha tent opp ein pensjon som minst svarar til minste pensjonsnivå. I praksis vil du derfor først ha rett til minste pensjonsnivå frå du fyller 67 år.

Korleis bereknar ein minste pensjonsnivå?

Storleiken på minste pensjonsnivå avheng av sivilstatusen din. Om du er gift eller sambuande, avheng minste pensjonsnivå også av inntekta og pensjonen til ektefelle/sambuar.

Du har rett til minste pensjonsnivå etter låg sats dersom du bur saman med ein ektefelle som mottek, alderspensjon eller avtalefesta pensjon i offentleg sektor. Dersom både du og din ektefelle mottek heil alderspensjon gjeld ein eigen garanti om at den samla pensjonen for deg og ektefellen din skal tilsvare to gonger minste pensjonsnivå etter ordinær sats.

Du har rett til minste pensjonsnivå etter ordinær sats dersom du bur saman med ektefelle som mottek uføretrygd.

Dersom du bur saman med ektefelle som ikkje mottek nokre av dei nemnde ytingane, men har ei årleg inntekt, inkludert kapitalinntekt, som er større enn to gonger grunnbeløpet, har du rett til ordinær sats.

Du har også rett til minste pensjonsnivå etter ordinær sats dersom du i tolv av de siste 18 månadene har vore sambuar med person som

  • får alderspensjon, avtalefesta pensjon eller uføretrygd
  • får ytingar til attlevande ektefelle eller tidlegare familiepleiar 
  • eller har ei årleg inntekt, inkludert kapitalinntekt, som er større enn to gonger grunnbeløpet. 

Dersom du forsørgjer ektefelle over 60 år og fyller vilkåra for rett til ektefelletillegg, har du rett til minste pensjonsnivå etter særskilt sats.

Om du har sambuar med felles barn eller sambuar som du tidlegare har vore gift med, gjeld dei same reglane som for ektefellar.

Du har rett til minste pensjonsnivå etter høg sats dersom du er gift/sambuande og ikkje er omfatta av regelverket ovanfor (gjeld dersom ektefellen/sambuaren din har inntekt under to gonger grunnbeløpet og ikkje mottek nokon av pensjonsordningane nemnde ovanfor).

Dersom du er einsleg, har du rett til minste pensjonsnivå etter særskilt sats for einslege. Ektefeller som ikkje bur saman blir i denne samanheng òg rekna som einsleg.

Flyktningar som er medlem i folketrygda, har rett til minste pensjonsnivå utan omsyn til reglane om trygdetid.

Satsane for minste pensjonsnivå blir fastsette i samband  med den årlege reguleringa av alderspensjonar.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalinger.