Ny og utvida bestillingsordning

Velkommen til nettsidene for bestillingsordninga i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Vest-Agder.

Bestillingsordninga skal gjere det enklare for brukarar og formidlingstenesta å søkje på hjelpemiddel, og ho skal redusere leveringstid og administrasjon ved utlevering av hjelpemiddel.

Ny og utvida bestillingsordning er eit prøveprosjekt.

Bestille frå produktlista

Dette gjer du når du skal bestille hjelpemiddel på Bestillingsordninga:

  1. Fyll ut eige skjema for Bestillingsordninga. Du finn skjemaet på nav.no under Skjema og søknad - Skjema - Hjelpemidler og tilrettelegging.
  2. Finn produktet du skal bestille i produktlista for Bestillingsordninga (pdf).
  3. Skal du bestille scooter må du legge ved skjema for elektrisk rullestol (scooter) (docx).
  4. Skal du bestille manuell rullestol må du legge ved skjema for manuell rullestol (docx).

Godkjenning som bestillar

Du treng godkjenning frå NAV Hjelpemiddelsentral for å kunne bruke Bestillingsordninga. For å få godkjenning må du ha brukarpass eller vere fagperson tilsett i kommunen, og du må gjennomføre to e-læringsmodular.

Under Relatert informasjon kan du lese meir om korleis du får godkjenning som bestillar.

Oppdatering av produktlista

Produktlista blir oppdatert etter behov. Datoar for oppdatering blir publiserte på denne sida. Viss lista blir oppdatert utanom oppsette datoar, blir det sendt melding til kontaktpersoner for hjelpemiddel i kommunane.

Det er viktig at du alltid bruker siste utgåve av lista. 

Datoer for oppdatering av produktlista:

     01.07.2019     01.10.2019     01.12.2019

Den nyaste produktlista gjeld frå 01. juli 2019.

Her kan du sjå endringane som er gjort i lista.

Fakta

Bestillingsordninga skal gjere det enklare for brukarar og formidlingstenesta å skaffe hjelpemiddel, og ho skal redusere leveringstid og administrasjon ved utlevering av hjelpemiddel.

Ordninga tek utgangspunkt i ei produktliste med enkle hjelpemiddel som nyttast mykje. Godkjend terapeut eller brukar bestiller hjelpemiddel frå lista, og slepp å sende søknad på produkta.

Ny og utvida bestillingsordning - eit prøveprosjekt

I 2018 tok NAV Hjelpemiddelsentral i Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane i bruk ei ny og utvida bestillingsordning, som eit prøveprosjekt. 

I prøveprosjektet er produktlista utvida med fleire enklare hjelpemiddel. I tillegg er senger, personløftarar, scooter og manuelle rullestolar er tekne inn på lista. Den nye ordninga kan nyttast sjølv om brukaren ikkje tidlegare har fått hjelpemiddel gjennom folketrygda.