Korleis søkje om hjelpemiddel?

Du må ha ei varig (over to år) og vesentleg redusert funksjonsevne for å kunne søkje om hjelpemiddel.

Kven kan hjelpe deg å søkje?

Alle som har langvarig behov for hjelpemiddel kan søkje. Om du er usikker på kva du treng, er det best å søkje råd hjå nokon som kan hjelpe deg. Vi tilrår at du tar kontakt med helsetenesta i kommunen du bur. Dei har god erfaring med å utgreie behov og å søkje, og vil òg kunne følgje deg opp dersom du ønskjer det.

Har du behov for tilrettelegging eller hjelpemiddel på skulen eller på arbeidsplassen, er det naturleg å ta kontakt med læraren, arbeidsgivaren eller bedriftshelsetenesta der du jobbar.

Kva kan du søkje om?

Det finst ingen fullstendig oversikt over alle hjelpemiddel du kan søkje om. Kanskje er det ikkje eitt hjelpemiddel du treng, men ein kombinasjon av fleire? Kanskje er det tilstrekkelig å leggje til rette det du allereie har eller bruker, eller få andre tips og råd for å løyse ditt behov?

Det finst eit stort utval av hjelpemiddel og i Hjelpemiddeldatabasen finn du mange av dei. NAV dekkjer ikkje alle produkta i Hjelpemiddeldatabasen; noko må du kanskje kjøpe sjølv eller få lånt på andre måtar.

Finn skjema

Ulike tenester og produkt har ulike skjema. Kva vedlegg som er nødvendige i søknaden får du opplyst i skjemarettleiing. Finn riktig skjema.

Kor lang tid tar det å få svaret på søknaden?

I dei fleste tilfelle får du svaret på søknaden innan ein månad. Maksimal behandlingstid er fire månadar. Søknad om bil tar lengre tid å behandle enn andre hjelpemiddel. Les meir om bilsaker.

Kortvarig behov for hjelpemiddel

Har du eit kortvarig (under to år) og midlertidig behov for hjelpemiddel, må du ta kontakt med kommunen du bur i.