Ring NAV Gjeldsrådgivning – økonomirådstelefonen i NAV

Language

Har du økonomiske problem? Ring NAV Gjeldsrådgivning – økonomirådstelefonen i NAV. Her får du enkle råd og hjelp til sjølvhjelp.

NAV Gjeldsrådgivning er økonomirådstelefonen i NAV. Telefonnummeret er 55 55 33 39, tasteval 1. Opningstida er klokka 9-15.

Det er viktig å ta tak i økonomiske problem så raskt som mogleg. Vi gir deg enkle råd om kva du sjølv kan gjere for å løyse situasjonen. Dersom du treng meir hjelp, losar vi deg til rett instans.

Ringjer du frå din egen telefon, kan vi ringje deg tilbake dersom du ønskjer det.

Du treng ikkje seie kven du er for å få snakke med oss.

Vi kan

  • hjelpe deg med å få oversikt over den økonomiske situasjonen din
  • svare på konkrete spørsmål og gi generelle råd om gjeldsproblem: inkasso, tvangssal av bustad, lønstrekk, rettsleg og utanrettsleg gjeldsordning
  • gi råd og rettleiing om korleis du kan førebu deg til eit møte med NAV-kontoret, namsmannen eller andre instansar
  • vise deg til rett instans dersom du treng meir hjelp
  • sende deg aktuell informasjon

Vi kan ikkje

  • gi rettshjelp i saker som skal førast for domstolane
  • ta kontakt med kreditorane dine
  • gå inn i gjeldsforhandlingar på dine vegne
  • ta kontakt med offentlege instansar på dine vegne

NAV Gjeldsrådgivning er eit lågterskeltilbod - hjelp til sjølvhjelp - for deg med økonomiske problem eller deg som står i fare for å få økonomiske problem. NAV Gjeldsrådgivning kjem i tillegg til kommunanes gjeldsrådgiving.

Chat med oss om økonomiske problem

Du kan også chatte med oss om økonomiske problem.