Lov om sosiale tenester i NAV

Language

Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga (Lov 2009-12-18 nr 131) regulerer dei kommunale, sosiale tenestene som obligatorisk er del av NAV-kontoret. Dette gjeld i hovudsak tenester av økonomisk og arbeidsretta karakter.

Dei kommunale pleie- og omsorgstenestene blir regulerte i lov om kommunale helse- og omsorgstenester som gjeld frå 1.1.2012.

Følgjande sosiale tenester er del av NAV-kontoret:

  • Opplysning, råd og rettleiing, til dette høyrer økonomisk rådgjeving
  • Økonomisk stønad
  • Mellombels butilbod
  • Individuell plan
  • Kvalifiseringsprogram med tilhøyrande stønad

Lova regulerer også dei generelle oppgåvene som kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga har ansvar for. Dette gjeld blant anna generell førebyggande verksemd, informasjon til innbyggjarane i kommunen, samarbeid med andre deler av forvaltninga og friviljuge organisasjonar, og bustader til vanskelegstilte.

Forskrifter til loven om internkontroll i kommunalt NAV og individuell plan i NAV gjeld frå 19.11.2010.

Forskrift om sosiale tenester for personar utan fast bustad i Norge og forskrift om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad gjeld frå 1.1.2012.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd rundskriv til lova og forskrifter gjevne i medhald av denne. Rundskrivet blei ferdigstilt i juni 2012. Det nye rundskrivet erstattar alle tidligare rundskriv og tolkingsuttaler om dei sosiale tenestene som låg i sosialtenestelova frå 1991.

Sjå Regelverk for meir informasjon.