Leige kommunal bustad

Language

Du kan søkje om å leige kommunal bustad om du har vanskar med å skaffe bustad på den private bustadmarkanden, på grunn av økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold.

Kven kan få?

Kommunane har ulike kriterium til søkjarar, og du finn informasjon om dette på nettsida til kommunen. Oppfyller du krava og blir prioritert, vil du få tilbod om å leige ein kommunal bustad.

Korleis søkjer du?

Søk så snart som mogleg, det kan ta tid å få tildelt bustad og få flytte inn i bustaden. Du må søkje skriftleg. Du finn søknadsskjema på nettsida til kommunen din.

Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, får du skriftleg beskjed om grunnen til dette, og når du kan forvente svar på søknaden. Når saka er ferdig behandla får du tilsendt eit skriftleg vedtak.

Klage

Klagefristen er 3 veker frå du får vedtaket. Klagen må innehalde ei grunngjeving for klagen, samt eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon. Send klagen til bustadkontoret som har gjort vedtaket.