Kvalifiseringsprogrammet (KVP)

Kvalifiseringsprogrammet er for deg som ynskjer å kome i arbeid, men treng ekstra oppfylging for å klare det.

Kva er kvalifiseringsprogrammet?

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod om oppfylging og arbeidstrening. Målet med programmet er at du skal få den oppfylginga du treng for å kome i arbeid eller aktivitet. Programmet er på fulltid og skal innehalde

  • arbeidsretta aktivitetar
  • opplæringsaktivitetar
  • tett individuell oppfylging og rettleiing

Programmet kan også innehalde andre aktivitetar som støttar opp under og førebur deg på overgangen til arbeidslivet. Det kan også setjast av tid til nødvendig helsehjelp.

Du har sjølv ansvar for å fylgje opp programmet ditt i samarbeid med rettleiaren din på NAV-kontoret.

Kven kan få?

For å ha rett til kvalifiseringsprogram, må NAV vurdere behova dine og om programmet vil føre til at du lettare kan kome i arbeid.

Du må

  • vere i yrkesaktiv alder og ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne
  • ha behov for tett oppfylging
  • ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV
  • ha gjennomgått ei arbeidsevnevurdering
  • ha lovleg opphald og fast bustad i Noreg

Kva kan du få?

  • Kvalifiseringsstønaden du får når du deltek i programmet er 2 gonger grunnbeløpet (G).
  • Er du under 25 år er stønaden 2/3 av full stønad.
  • Du kan ha rett til tilleggsstønader.
  • Har du barn får du eit barnetillegg.
  • Dersom du har eigen bolig, kan du ha rett til bostøtte.
  • Du betalar skatt av stønaden.
  • Du har krav på ferie.

Kor lenge kan du få?

Kvalifiseringsprogram er på 37,5 timar per veke, har ei varigheit på inntil eitt år. NAV kan forlenge programmet ditt med eitt år dersom NAV vurderer det som tenleg og  nødvendig.

Korleis søkjer du?

Du må kontakte NAV-kontoret ditt for å avklare om du har rett til å delta i Kvalifiseringsprogrammet.

Utbetalingar

Utbetalingsdato kan variere frå kommune til kommune.Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.