Hjelp frå NAV til å skaffe varig bustad

Language

Dersom du er i ein situasjon som gjer at du ikkje klarer å ta hand om interessene dine på bustadmarknaden, skal NAV-kontoret medverke til å finne ein bustad til deg.

Du kan få råd, rettleiing og hjelp for å sikre at busituasjonen din blir tilfredsstillande:

  • økonomisk rådgiving
  • informasjon om økonomisk sosialhjelp
  • informasjon om låne- og støtteordningar frå stat og kommune
  • hjelp til søknad om kommunal bustad, og andre ordningar for å etablere deg i ein bustad
  • hjelp til å finne leilegheiter som er til leige
  • hjelp til å ringe for å avtale visning
  • hjelp til å gå på visning, eller på andre måtar hjelp til å skaffe ein varig bustad
  • hjelp til å etablere kontakt med kommunale helse- og omsorgstenester

Ta kontakt med NAV-kontoret ditt. Sjå òg informasjon om mellombels butilbod i ein nødsituasjon.