Opplysning, råd og rettleiing

Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing som kan bidra til å løyse eller førebyggje sosiale problem.

Kva tyder opplysning, råd og rettleiing?

Alle offentlege kontor har plikt til å rettleie om si eiga verksemd.

Dersom du treng hjelp frå andre offentlege instansar, skal kommunen og NAV-kontoret hjelpe deg med å opprette kontakt slik at du får hjelpa du treng.

Det kan også vere behov for at fleire instansar samarbeider for å kunne gi deg best mogleg hjelp. Dersom du ønskjer det, kan NAV til dømes samarbeide med skule, oppfølgingsteneste, barnevern, barne- og ungdomspsykiatri og distriktspsykiatriske sentera (DPS).

Kven kan få opplysning, råd og rettleiing?

Du har rett til opplysning, råd og rettleiing uavhengig av om du allereie er i ein vanskeleg livssituasjon eller om du tek imot andre tenester frå NAV. Du må vanlegvis sjølv ta kontakt med NAV-kontoret ditt for å få råd og rettleiing. Då vil NAV-kontoret tilby deg ei samtale om livssituasjonen din.

I nokre tilfelle kan også NAV-kontoret på eige initiativ gi informasjon, råd og rettleiing dersom det kan bidra til å løyse eller førebyggje sosiale problem.

Dersom du får økonomisk sosialhjelp kan råd og rettleiing bidra til å støtte opp under moglegheitene dine til å klare deg sjølv.

Teieplikt

Alle som jobbar i NAV har teieplikt. Du kan be om at ei rådgivingssamtale blir gjennomført  på ein skjerma stad.

Chat med oss

Vi kan svara deg på generelle spørsmål om sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp. Chat med oss om sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp.