Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp frå NAV skal sikre deg mellombelse inntekter til eit forsvarlig livsopphald.

Kva er økonomisk sosialhjelp?

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels inntekt. Målet med stønaden er at du så raskt som mogleg skal kunne klare deg sjølv.

Før du kan få stønad må du vurdere alle andre moglegheiter til å forsørgje deg sjølv.

NAV vurderer situasjonen din individuelt. Det vil seie kva behov du har for rettleiing og oppfølging og kor mykje du kan få i støtte.

Kven kan få?

For å få økonomisk sosialhjelp må du

  • opphalde deg lovleg i Noreg. For å ha fulle rettar må du ha lovleg opphald og fast bustad
  • vere ute av stand til å forsørgje deg sjølv ved arbeid, eigne midlar eller ved andre økonomiske ytingar du kan ha krav på

Du har ikkje rett på økonomisk sosialhjelp når du oppheld deg i utlandet.

Alle har rett til å søkje om økonomisk sosialhjelp og få ei vurdering av saka si. Du har krav på svar gjennom eit skriftlig vedtak. NAV-kontoret kan ikkje avslå ein søknad munnleg.

Kva kan du få?

NAV-kontoret brukar skjønn for å vurdere kva utgifter som er nødvendige for å sikre deg eit forsvarleg livsopphald.

Det er statlege, rettleiande satsar og retningsliner for å berekne økonomisk sosialhjelp. Nokre kommunar har i tillegg eigne rettleiande satsar.

Korleis søkjer du?

Du må søkje NAV-kontoret i opphaldskommunen din. NAV-kontoret vil vanlegvis ha ei samtale med deg slik at de saman kan sjå på behovet ditt for hjelp.

NAV-kontoret treng opplysningar om inntekter, utgifter og personlege forhold som livssituasjon, familiesituasjon, bustad, busituasjon, alder, livssituasjon og helse. NAV skal ta særlig omsyn til barn og unges behov, for eksempel skule- og fritidsaktivitetar.

Du må dokumentere opplysningane i saka di. NAV avgjer kva som er tilstrekkeleg dokumentasjon. Døme på kva du må leggje ved søknaden:

  • legitimasjon
  • gyldig opphaldsløyve
  • likningsattest/skatteoppgjer
  • kontooversikter som viser alle dine konti/kontoar med saldo
  • kontoutskrifter (dersom ikkje nødvendig opplysningar kan bli dokumentert på ein annan måte. Du kan stryke over tekst som ikkje er relevant for saka)
  • dokumentasjon på buforhold/busituasjon (husleigekontrakt)
  • lønnsslipp
  • kontoutskrift
  • faktura for husleige, bustadlån,  straum, barnehage, skulefritidsordning (SFO) og fritidsaktivitetar
  • faste eller høge utgifter til helse og/eller tannbehandling

Ta kontakt med NAV-kontoret ditt for å få søknadsskjema. Dersom du treng hjelp til å skrive søknaden kan NAV-kontoret hjelpe deg.

Andre aktuelle tenester

Du kan også ha rett på bustøtte. På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i situasjonen din som kan påverke berekninga av det beløpet du får utbetalt frå NAV, må du straks melde frå til NAV.

Saksbehandlingstider

Saksbehandlingstida for økonomisk sosialhjelp varierer. Dersom ho er meir enn éin månad, skal du få eit førebels svar. Dersom hjelpebehovet er akutt, skal du få eit raskt svar.

Utbetalingar

Den enkelte kommunen bestemmer utbetalingsdatoar. Les meir om utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk