Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving

Dersom du har betalings- eller gjeldsproblem, kan NAV gi deg økonomisk rådgining. Målet med rådgivinga er å hjelpe deg slik at du blir i stand til å styre økonomien din sjølv.

Det er viktig at du søkjer hjelp så snart som mogleg. Tenesta er gratis.

Kven kan få?

Du kan be om økonomisk rådgiving

  • dersom du ikkje har midlar til å dekke nødvendige behov
  • dersom du får vanskar med å betale rekningane og bejene gjelda di
  • når du søkjer om økonomisk sosialhjelp.

Kva hjelp kan du få?

NAV tilpassar rådgivinga etter behova dine. Du kan for eksempel få hjelp til å lage ei oversikt over den økonomiske situasjonen din og setje opp eit realistisk budsjett.

Du kan også få hjelp til å

  • finne ut korleis du kan få redusere utgiftene
  • gjere avtaler med dei du skuldar pengar
  • skrive søknad om utsetjing av betaling
  • få opplysningar om rettar og plikter
  • inngå gjeldsordningsavtale
  • forhandle med kreditorane
  • kontakte namsmannen

Dersom NAV-kontoret ikkje har kompetanse på alle område, vil du få beskjed om kor du skal vende deg for å få den hjelpa du treng.

Dette kan du gjere sjølv

For at du skal få best mogleg hjelp frå NAV, må du leggje fram alle nødvendige opplysningar. Då får NAV ei heilskapleg oversikt og kan kome med forslag til tiltak.

Før møtet med NAV bør du derfor skaffe dokumentasjon som

  • utskrift av den siste likninga
  • saldo på alle konti
  • kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
  • lønsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadene
  • dokumentasjon på eventuell bustøtte
  • opplysningar om lån, kredittgjeld og anna
  • kvittering for betalt husleige og straum
  • utgifter til lege, fysioterapi, kiropraktor og tannlege
  • utgifter til barnehage, SFO eller anna barnepass
  • utgifter til forsikring
  • opplysningar om innskot i spareordningar

Dersom du har fått ei «begjæring om utlegg» eller ei innkalling til forliksrådet tar du ho med.

Korleis søkjer du hjelp?

Ring økonomirådstelefonen i NAV Gjeldsrådgivning - 55 55 33 39 - eller chat med oss om økonomiske problem.

Du kan også ta kontakt og avtale eit møte med NAV-kontoret ditt eller kommunen du oppheld deg i.

Andre tilbod