Trygdeavgift

Dersom du er medlem eller har rettar i folketrygda må du betale trygdeavgift.

Fastsetting og innkrevjing av trygdeavgift

Når du skattar til Noreg er det som hovudregel skatteetaten som trekker trygdeavgifta frå lønna eller pensjonen din gjennom skattetrekket. Trygdeavgift blir berekna av personinntekt og pensjon, og avgiftssatsane for pliktig medlemskap for året 2016 finn du i tabellen under.

 
Type inntektAvgiftssats
Personinntekt8,2 %
Personinntekt av næringsinntekt10,7 %
Pensjon5,1 %

Avgiftsgrunnlaget blir fastsett av likningsmyndigheitene, og det går fram av det årlege skatteoppgjeret kor mye du har betalt i trygdeavgift. Dersom du ikkje skattar til Noreg, men likevel er medlem eller har rettar i folketrygda, er det NAV Medlemskap og avgift som fastset og krev inn trygdeavgift.

Avgiftssatsane ved frivillig medlemskap

Avgiftssatsane for frivillig medlemskap varierer ut frå om arbeidsgivar pliktar å betale arbeidsgivaravgift i Noreg og om ein er medlem i både helse- og pensjonsdelen, eller berre ein av delane.

 
 Arbeidsgivar pliktar å betale arbeidsgivaravgiftArbeidsgivar pliktar ikkje å betale arbeidsgivaravgift
Helsedelen6,8 %9,1 %
Helsedelen med rett til sjukepengar6,8 %13,8 %
Pensjonsdelen19,9 %26,8 %

Dersom ein vel både helse- og pensjonsdelen, blir satsane lagde saman.

Avgiftssatsane for pensjonistar

Pensjonistar busette utanfor EØS:

 
SkatteforholdAvgiftssats
Ordinær trygdeavgift blir betalt saman med skatten til skattestyresmaktene2,3 %
Betalar ikkje skatt til Noreg9,1 %
Ved kjeldeskatt til Noreg7,4 %

Pensjonistar kan som hovudregel berre vere medlem i helsedelen.

 

Pensjonistar busette innanfor EØS:

 
SkatteforholdAvgiftssats
Ved ordinær skatteplikt til NorgeInga avgift til NAV Medlemskap og avgift
Ved opphøyr av ordinær skatteplikt til Norge5,1 %
Ved kjeldeskatt til Norge5,1 %

Pensjonistar busette i EØS-området har rett til helsetenester i bustadlandet. I alle land utanom Norden blir dette dokumentert ved E121 skrive ut  av HELFO.