Medlemskap i folketrygda

Medlemskap i folketrygda er nøkkelen til rettar frå NAV. I Noreg kan du vere medlem som busett, eller som arbeidstakar. Du kan også vere medlem i folketrygda under opphald i utlandet.

Det er reglane i folketrygdlova eller trygdeavtaler Noreg har inngått med andre land, som avgjer om du er medlem eller ikkje. Det er ikkje avgjerande om du er norsk statsborgar, registrert i folkeregisteret eller betalar skatt til Noreg.

Pliktig medlem etter reglane i folketrygdlova

Er du pliktig medlem i folketrygda, omfattar trygdedekninga rett til alle typar ytingar og stønader etter folketrygdlova.

Medlem som busett i Noreg: Er du busett i Noreg, er du som hovudregel medlem i folketrygda.For å bli rekna som busett, må du opphalde deg i Noreg i minst tolv månadar. Det er ein føresetnad for medlemskapen at du har lovleg opphald i Noreg. Når du flytter til Noreg for å vere her i minst tolv månader, blir du medlem frå innreisedatoen.

Når du er medlem som busett i Noreg, kan du opphalde deg i utlandet i inntil 12 månadar i strekk, og fortsatt vere medlem i folketrygda. Du kan også pendle mellom Noreg og utlandet og vere i utlandet i inntil seks månadar i to eller fleire år. Om du er yrkesaktiv, er det føresett i tillegg at du arbeider for norsk arbeidsgjevar som har plikt til å betale arbeidsgjevaravgift i Noreg, og at du ikkje får løn frå utanlandsk arbeidsgjevar.

Ikkje busett i Noreg: Sjølv om du ikkje bur i Noreg, er du medlem i folketrygda blant anna dersom du

  • arbeider i Noreg eller på norsk kontinentalsokkel
  • er norsk statsborgar / EØS-statsborgar og tilsett på norsk skip. Du er ikkje pliktig medlem om du er cateringtilsett på turistskip registrert i Norsk Internasjonalt Skipsregister NIS  
  • er norsk statsborgar / EØS-statsborgar og tilsett i norsk statsteneste i utlandet
  • er norsk statsborgar / EØS-statsborgar og studerer i utlandet med lån eller stipend frå Lånekassen for å studere i utlandet. Det er unntak frå dette om du studerer innanfor Norden eller EU/EØS, då skal du vere medlem av trygdeordninga i det landet der du er rekna som busett. Du blir rekna som busett i det landet du har sterkast tilknyting til. Det er ikkje avgjerande kor du er folkeregistert.

Frivillig medlemskap etter reglane i folketrygdlova

Frivillig medlemskap i folketrygda under opphald i Noreg: Om du skal opphalde deg i Noreg i tre til tolv månadar utan å arbeide her og har sterk tilknyting til Noreg, kan du ha rett til frivillig medlemskap i folketrygda.

Frivillig medlemskap i folketrygda under opphald utanfor Noreg: Om du er pliktig medlem i folketrygda og skal opphalde deg i utlandet, kan opphaldet i utlandet medføre at medlemskapen i folketrygda tek slutt. Om den pliktige medlemskapen tek slutt, bør du undersøkje om du har rett til frivillig medlemskap i folketrygda under utanlandsopphaldet.

Trygdeavtale

Dersom du skal arbeide i eller flytte til eit land Noreg har trygdeavtale med, må du undersøke rettane dine etter  til den enkelte avtala. Desse reglane går føre norsk lov.

Trygdeavtalene har reglar om kva lands trygdeordning du skal vere knytt til. Du får dei same rettane og pliktene som statsborgarar i landet du oppheld deg i. Personar frå avtaleland skal bli behandla likt uavhengig av statsborgarskap.

Du skal som hovudregel berre vere dekt av trygdereglane i eit av landa, og du slepp derfor å betale trygdeavgift til begge landa.

Trygdeavtalene gir også moglegheit til å behalde medlemskapen i folketrygda for arbeidstakarar som blir sende ut for å arbeide mellombels i det andre avtalelandet.

Noreg har trygdeavtalar med fleire land.

  • Den mest omfattande avtala som Norge har er EØS-avtala. Trygdereglane i EØS-avtala  går føre både norsk lov og andre trygdeavtaler som Noreg har inngått.
  • Nordisk konvensjon om trygd er ei eiga trygdeavtale mellom Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige.
  • Noreg har også avtalar med USA, Canada, Australia og India.

Trygdeavgift

Å vere medlem i folketrygda inneber at du må betale trygdeavgift om du har inntekt frå pensjon eller arbeid

Kor mykje du skal betale i trygdeavgift, er avhengig av

  • om du er skattepliktig til Noreg og trygdeavgifta blir betalt saman med skatten
  • om arbeidsgivaren pliktar å betale arbeidsgivaravgift
  • kva for delar av folketrygda du er medlem i dersom du ikkje er pliktig medlem

Når tek medlemskapen slutt?

Arbeid eller opphald i utlandet kan føre til at medlemskapen i folketrygda tek slutt.

Konsekvensar av ikkje å vere medlem i folketrygda

Når du ikkje er medlem i folketrygda, har du ingen rettar etter folketrygdlova. Det vil seie at du heller ikkje skal betale trygdeavgift.