Spesielt om foreldrepengar til far

Du kan du ha rett til foreldrepengar om du har hatt pensjonsgivande inntekt i minst 6 av dei siste 10 månadene før foreldrepengeperioden tek til.

Det er datoen for fødselen eller omsorgsovertakinga ved adopsjon som avgjer kva regelverk du kjem inn under og kor lang fedrekvoten er. Nedanfor kan du lese meir om rettane dine.

Dei to vekene far har rett til å ta i samband med fødsel, er ikkje ein del av foreldrepengeperioden. Denne retten er beskriven i arbeidsmiljølovas § 12-3. Du kan lese om lønn og permisjon på Altinn.no. Har du spørsmål, kan du kontakte Arbeidstilsynet.

Kor lenge kan du få foreldrepengar?

Foreldrepengeperioden er tredelt mellom deg og mora. Ein del er øyremerkt mora (mødrekvote), ein del er øyremerkt deg (fedrekvote), og fellesperioden er til valfri fordeling mellom dykk. Nedanfor er det rettane dine som blir omtalte. Les meir om foreldrepengar.

Dersom far skal bruke av fellesperioden

Som far har du rett til foreldrepengar dersom du har hatt pensjonsgivande inntekt i minst 6 av dei siste 10 månadene før stønadsperioden startar. Det blir stilt krav til kva mor gjer på dersom far bruker av fellesperioden. Ho må:

  • vere i arbeid
  • ta godkjend utdanning på heiltid
  • ta godkjend utdanning i kombinasjon med arbeid som til saman blir heiltid
  • vere heilt avhengig av hjelp til å ta seg av barnet på grunn av sjukdom eller skade eller vere innlagd på helseinstitusjon. I disse tilfella må legen hennar skrive ein funksjonsvurdering, der det kjem fram
    1. korleis sjukdommen eller skaden påverkar evna hennar til å ta seg av barnet
    2. i kva grad ho er avhengig av hjelp
    3. kor lenge sjukdommen sannsynlegvis kjem til å vare
  • delta i introduksjonsprogrammet for nykomne innvandrarar
  • delta i kvalifiseringsprogrammet.

Arbeider mor 75 prosent av full arbeidstid eller meir, blir dette likestilt med fullt arbeid. Dersom mor til dømes arbeider 80 prosent, kan far ta ut opptil 100 prosent foreldrepengar. Arbeider mor mindre enn 75 prosent av full arbeidstid, blir foreldrepengane til far reduserte med det som tilsvarer reduksjonen i arbeidstida til mor. Mor kan til dømes jobbe 50 prosent, og då har far rett til ta ut 50 prosent foreldrepengar.

Dersom mor er åleine om omsorga for barnet, kan de avtale at far kan avvikle delar av foreldrepengeperioden, også fedrekvoten.

Dersom berre far har rett til foreldrepengar

Som far har du rett til foreldrepengar dersom du har hatt pensjonsgivande inntekt i minst 6 av dei siste 10 månadene før foreldrepengeperioden startar, men du har ikkje rett til fedrekvote med mindre mor har opparbeidd seg rettar til foreldrepengar og bruker denne retten.

Det vert stilt dei same krava til mor si aktivitet som når far skal bruke av fellesperioden.

Dersom mor fyller krava til aktivitet, kan du få foreldrepengar i opptil 40 veker eller 50 veker, avhengig av om du har vald 100 prosent eller 80 prosent dekningsgrad. Ved fødsel kan du tidlegast starte perioden med foreldrepengar 6 veker etter fødselen. Ved adopsjon kan du starte permisjonen frå omsorgsovertakinga. Dersom mor ikkje fyller krava til aktivitet 6 veker etter fødselen eller ved omsorgsovertakinga, mister du foreldrepengar. For å få brukt alle vekene du har rett til, må du difor starte perioden med foreldrepengar 6 veker etter fødselen, og seinast 6 veker etter omsorgsovertaking ved adopsjon.

Dersom du ønskjer å utsetje stønadsperioden i 2 veker eller meir på grunn av heiltidsarbeid, må du først ta ut foreldrepengar samanhengande i minst 6 veker. I desse 6 vekene kan du kombinere arbeid med foreldrepengar. Du kan ikkje utsetje foreldrepengeperioden dersom mor ikkje er i aktivitet.

Dersom du bur saman med mor og ho er uføretrygda, kan du få foreldrepengar i 10 veker. Desse vekene må du nyttja etter dei første 6 vekene etter fødselen eller omsorgsovertakinga, og innan 46 eller 56 veker etter fødselen eller omsorgsovertakinga.

Du må søkje skriftleg om foreldrepengar og utsetjing. Hugs å søkje i rett tid.

Du kan ha rett på eingongsstønad

Om du ikkje har rett til foreldrepengar, kan du få eingongsstønad

  • for kvart barn du adopterer åleine
  • når du får foreldreansvar når den andre forelderen døyr
  • når du får tildelt foreldreansvar etter barnelova §§ 38 og 63
  • når du innan 56 veker etter fødselen eller omsorgsovertakinga har overteke omsorga for barnet med sikte på å ta over foreldreansvaret åleine etter barnelova.

Medmor har same rettane som far.

Fleirbarnsfødsel og -adopsjon dersom berre far har rett til foreldrepengar

Når berre du har rett til foreldrepengar, har du ikkje rett til fedrekvote. Du kan likevel ta ut foreldrepengar i ekstravekene som de får som følgje av ein fleirbarnsfødsel/-adopsjon. Det er ikkje krav til kva mor gjer på i desse vekene, og du kan velje å starte uttaket rett etter fødselen/omsorgsovertakinga. Du må starte uttaket av ekstravekene i løpet av den ordinære stønadsperioden, det vil seie innan 46 eller 56 veker etter fødselen/omsorgsovertakinga, avhengig av den dekningsgraden de har valt.

Stønadsperioden når far er åleine om omsorga for barnet

Dersom du er åleine om omsorga for barnet, kan du få foreldrepengar i opptil 46 veker med 100 prosent dekningsgrad, og 56 veker med 80 prosent dekningsgrad. Det gjeld både ved fødsel og ved omsorgsovertaking ved adopsjon. Dekningsgraden gjeld for heile perioden. Dersom mor har fått foreldrepengar før du blir åleine om omsorga, kan du få foreldrepengar for den perioden som står att.